I ny nettbank får du betre oversikt over kontoane, kredittkorta, låna, forsikringane og sparinga di. Du kan sjølv redigere kontooversikta di, og gi kontoane dei eigne namna dine. Å betale rekningar har aldri vore enklare.

Du finn alle korta dine samla, og kan sjølv setje grenser for netthandel og regionsperre. Du finn også det digitale kortet ditt, dersom du vil handle på nett og ikkje har det fysiske kortet tilgjengeleg.

Dette kan du gjere i den nye nettbanken:

  • Opprette felleskonto og gi tilgang til andre
  • Dele eFaktura med andre
  • Opne konto og bestille kort for barn og unge
  • Gjere endringar på låna dine