Visste du at du kan leggja inn fleire kort i Vipps? Ein hovudregel er å bruka bankkontoen til vennebetaling og kredittkortet når du handlar på nett. Sjå etter Vipps som betalingsalternativ i alle nettbutikkar.

Dette får du i november:
📱 3 % rabatt når du handlar elektronikk på nett og betaler med ditt Eika Kredittkort i Vipps.

Rabatten får du i perioden 1. - 30. november 2022 når du betaler med Vipps i ulike elektronikkbutikkar på nett, føresett at betalinga blir utført med ditt Eika Kredittkort og at du er påmeldt fordelsprogrammet vårt. Enno ikkje meldt deg på? Du kan gjera det her.
 
Rabatten blir berekna med bakgrunn i transaksjonsteksten. Alle transaksjonar på elektronikkbutikkar, uavhengig av butikkjede, som inneheld ordet «Vipps» i tekstfeltet vil gi rabatt. Butikkane må også vera registrerte med ein av følgjande bransjekodar:

  • 5722 – Elektronikk og hushaldsprodukt
  • 5732 – Elektronikkbutikkar

Du kan maksimalt opptena 500 kroner i rabatt per månad, og 2.500 kroner per år. Beløpsgrensene omfattar alle rabattkampanjar i løpet av året.


Når kjem pengane på konto? 

Rabatten blir utbetalt automatisk til ditt Eika Kredittkort månaden etter at kjøpet er gjort. Sjå etter «Eika rabatt» i transaksjonsoversikta i mobil- og nettbanken eller på den månadlege fakturaen din. 
 
Hugs at det alltid lønner seg å betala heile fakturaen ved forfall for å få mest mogleg ut av fordelane dine. 

 
Usikker på korleis du kan registrera ditt Eika Kredittkort i Vipps? Slik gjer du det:

  • Åpne Vipps
  • Vel «Profil»
  • Vel «Kontoar og kort»
  • Litt lenger ned på sidan finn du området «Kort», her må du velja «Legg til kort»
  • Fyll inn kortnummeret, utløpsdatoen, utløpsåret og CVC-koden tilhøyrande ditt Eika Kredittkort og vel «Registrer»

God handel!