Arbeider du for deg sjølv, sit du mykje på heimekontor eller kanskje du studerer? Arbeidsmarknaden endrar seg og det er vorte meir vanleg med heimekontor og workations - rett og slett å flytte på seg og ta med jobben på lasset. Uansett kva jobbsituasjon du er i, kan det vere fint å vere ein del av eit fellesskap, ta ein kaffikopp ilag og samstundes konsentrere seg om seg og sitt.

 

Sogn Sparebank og Aurland kommune undersøkjer no om det er eit reelt behov for å etablere eit arbeidsfellesskap i Aurland sentrum – og vil gjerne høyre frå deg.


-  Me har utarbeidd ei uforpliktande undersøking for å kartlegge behovet, og håpar på god respons og mange interessentar, seier leiar for kommunikasjon og kundeopplevingar i Sogn Sparebank, Ragnhild Skahjem Tofastrud. 

 

Etablert konsept i Sogn
Mange stader i Sogn er det allereie etablert eit konsept for arbeidsfellesskap kalla
FUS Sogn. Her kan ein leige kontorstad i kontorlandskap saman med andre, for kortare og lengre periodar. Tenesta har faste prisar og det er også lagt til rette for å ha drop-in kontor i kommunane der FUS-konseptet er etablert. I dag er FUS etablert i Leikanger, Vik, Sogndal, Kaupanger, Lærdal og Balestrand. 

 

Banken har ledige lokale
Sogn Sparebank har ledige lokale i bankbygget i Aurland, som banken ynskjer å nytte til føremål som kjem kommunen til gode. - Tilrettelegging for arbeidsfellesskap vert omtalt i samfunnsplanen til Aurland kommune, spesielt i forhold til korleis ein kan leggje til rette for gründerar og ny næring på ein framtidsretta måte. Eit tilbod om arbeidsfellesskap kan òg gjera kommunen meir attraktiv for tilflyttarar og oppstartbedrifter, seier næringsrådgivar i Aurland kommune Linn Janette Underdal.

 

Svar på undersøkinga og tips vener og kjende
Det aller viktigaste no er å kartlegge om det er behov for eit arbeidsfellesskap i Aurland sentrum, gjerne knytt opp mot FUS. – Me vil høyre frå deg som ynskjer å vere ein del av eit arbeidsfellesskap i Aurland, og oppmodar deg sjølvsagt også om å tipse vener og kjende om dette, seier HR og personalrådgjevar Turid Sørensen i Aurland kommune. 

 

Undersøkinga er tilgjengeleg fram til 1. februar, både på banken og Aurland kommune si nettside. Klikk på den grønne knappen nedanfor for å svare på kartlegginga og melde di interesse.