Med den nye Bank-ID appen slepp du å leite etter kodebrikka og streve med å taste inn tala igjen. Du er også verna mot phishing på falske nettsider, og ingen kan bruke din BankID utan at du merkar det.
BankID har også lansert ID-sjekk i BankID Appen. ID-sjekk er ein identitetssjekk med pass og bilete som vert gjennomført på mobilen.
Denne tenesta er nyleg lansert i appen, men er ikkje tilgjengeleg i alle bankane. Eika ser no på denne løysinga, og i mellomtida vil Eika- kunder møta ei feilmelding viss dei prøver å skanne sitt pass eller ID kort.
For å nytte appen går du på alternativet «Aktiver BankID-app» som du ser i bildet til venstre under:

Når du har fått aktivert den, er den klar til bruk. Appen køyrer i bakgrunn på telefonen din og dukkar opp når du har valgt signering eller innlogging med BankID-app. Du treng ikkje åpne appen direkte, den kjem automatisk fram så lenge du vel denne signeringsmetoden.
Når du skal signere eller logge inn med bankID må du gjere som fylgjer:
- Ved val av signeringsmetode eller innlogging - vel bankID. Deretter får du opp val om å nytte brikke eller app. Du vel då app.
OBS! Du skal ikkje velgje BankID på mobil! - Du vil no få opp ei melding på din mobil som spør om det er du som forsøkjer å logge på, då stadfestar du med å trykke ja.
- Du vil no bli sendt tilbake til sida der du valgte signeringsmetode, der dei spør etter passord. Du skal då nytte passordet som du normalt nyttar saman med brikka di.