Me i lokalbanken Sogn Sparebank veit at mange har behov for meir kunnskap og praktisk øving i korleis ein best kan nytte seg av digitale banktenester, og me ser det som ein del av vårt samfunnsansvar å hjelpe kundane våre med dette. Difor har me teke initiativ til og inviterer til datastove – eit kurs om korleis bli tryggare i bruken av digitale banktenester.

Kurset handlar om å trygge, forklare og vise deltakarane korleis ein nyttar nettbank, BankID, mobilbank og Vipps. Me kjem også til å snakke ein del om svindelforsøk, då dette er veldig aktuelt og ofte er retta mot den godt vaksne aldersgruppa – «Olga-svindel».

Erfaring viser at det er fint å ha ein gjennomgang i plenum først, før me går rundt og hjelper kvar enkelt.

Hugs å ta med bankbrikka di!

Kurset er sjølvsagt gratis, og banken stiller ressursar til disposisjon.
Enkel servering.

Me har allereie hatt kurs i Balestrand, Aurland og Vik. No står følgjande stader for tur:

Lærdal
Stad: I banken
Dato: 6. oktober
Tid: Kl. 13 - 16
Påmelding til Mia Hovland innan 4. oktober, tlf. 975 71 430.

Årdalstangen
Stad: Årdalstangen, kantina på kommunehuset
Dato: 17. oktober
Tid: kl. 12.30 - 15.30
Påmelding til Steinar Drægni innan 13. oktober, tlf. 911 88 039

Velkomen på kurs!