GÅ TIL KUNDEVALET
Kven kan stemme ved kundevalet?
Sparebanken sine myndige kundar som har, og i dei siste seks månadane har hatt eit engasjement på minimum 5.000 kroner har stemmerett ved val av kundane sine medlemer og varamedlemer til generalforsamlinga.Kvart kundeforhold gjev ei røyst når ikkje anna følgjer av lova eller vedtektene. Ingen kunde har meir enn 2 stemmer, ei på grunnlag av eige kundeforhold, og ei som representant for annan kunde.Valet føregår digitalt, med innlogging med BankID. Dei som ikkje har høve til å nytte denne løysinga, kan stemme over skranken på kontora i oversikta nedanfor. Lenke for å stemme ved kundevalet vert sendt ut per epost til kundar i banken. Stemmeinformasjon vert sjølvsagt også tilgjengeleg på nettsida.
Det vert også mogeleg å nytte ei skrankeløysing for dei som ikkje har høve til å stemme digitalt. Det vil vere mogeleg å stemme ved følgjande kontor:
- Aurland man-fre kl. 12 - 14
- Lærdal man-fre kl. 12 - 14
- Vik man-fre kl. 12 - 14
- Årdalstangen tys, ons og tors kl. 12 - 14
- Øvre Årdal man-fre kl. 12 - 14
Her er kandidatane som er på val:
Kandidatane er oppført etter valkrets (Aurland, Årdal/Lærdal, Vik)Valkrets Aurland
I Aurland skal det veljast 1 fast medlem og 1 varamedlem til Generalforsamlinga.
Lokal valnemnd område Årdal/Lærdal innstiller fylgjande kandidatar, som har sagt seg villige til å stille som kandidatar, til komande kundeval for perioden 23/26:
- Inga Winjum, 64 år, pensjonist
- Terje Horvei, 61 år, lærar ved Aurland barne- og ungdomsskule
- Torbjørn Molvær, 30 år, Hafslund ECO Vannkraft
- Ingvild Åsvang, 50 år, Norway's Best
Valkrets Årdal/Lærdal
I Årdal/Lærdal skal det veljast 1 fast medlem til Generalforsamlinga.
Lokal valnemnd område Årdal/Lærdal innstiller fylgjande kandidatar, som har sagt seg villige til å stille som kandidatar, til komande kundeval for perioden 23/26:
- Per Olav Lerøy, 34 år, Customer responsible FA på Hydro Aluminium
Valkrets Vik
I Vik skal det veljast 1 fast medlem og 1 varamedlem til Generalforsamlinga.
Lokal valnemnd område Vik innstiller fylgjande kandidatar, som har sagt seg villige til å stille som kandidatar, til komande kundeval for perioden 22/25:
- Reidunn Bolstad, 48 år, fysioterapeut
- Per Aase, 57 år, rekneskapsførar
- Bjørn Sandvik Sølsnæs, 27 år, butikkmedarbeidar
Har du spørsmål kring kundevalet?
-
Send epost til val@sognbank.no eller ring generalforsamlingssekretær Anette Huun Jevnaker på tlf. 908 98 154