Foreininga Lærdalsmarknaden arrangerer tre marknader i løpet av året. Desse marknadene er dei største i regionen og har mykje besøk. Sogn Sparebank vert no hovudsponsor for Lærdalsmarknaden. 

-  Me går inn i dette samarbeidet fordi me vil vere ein støttespelar for å skape levande og attraktive lokalsamfunn i Sogn.  Lærdalsmarknaden er kjend for kvalitet og ikkje minst er marknaden veldig viktig for lokalt næringsliv. Me opplever at styret i foreininga har stort fokus på utvikling av Lærdalsmarknaden, og som lokalbank ynskjer me å støtte oppom og vere med som samarbeidspartnar framover, seier ein nøgd banksjef Mads Indrehus.  

Styreleiaren i Foreininga Lærdalsmarknaden Hallvard Thomassen er full av lovord om det nye samarbeidet. - Lærdalsmarknaden er veldig glad for å få Sogn Sparebank med som samarbeidspartner.  Samarbeid med ulike aktørar i regionen er avgjerande for å utvikle dei tre marknadane vidare. Fokus blir, i tillegg til tradisjonelle marknader, retta inn mot å skape gode møteplassar med ulike arrangement på dei ulike marknadane. Denne samarbeidsavtalen gjere dette moglege.       

Me sjåast på Lærdalsmarknaden!