Treng du nokon å rådføre deg med om personleg økonomi, forsikringar eller eige selskap, men det vert stadig utsett på grunn av tidsklemma?

Hjå oss kan du velje om du ynskjer å avtale eit fysisk-, digitalt- eller telefonmøte.

Tilbodet er sjølvsagt tilgjengeleg både for privat- og næringskundar.

Alt du treng å gjere er å velje kategori og rådgjevar, samt tid som passar deg best. For at du skal få best mogeleg utbytte av avtalen er det fint om du forklarar kort kva du ynskjer å diskutere med rådgjevaren. 

Når rådgjevaren mottek  din førespurnad, får du ei stadfesting tilbake per epost.

Deretter kan du lene deg tilbake og glede deg til avtalen.

I mellomtida førebur rådgjevaren seg basert på informasjonen du har oppgitt, og stiller klar for å finne dei beste løysingane for deg.

Gå til digital møtebooking