14. desember kunngjorde Norges Bank at styringsrenta aukar med 0,25 prosentpoeng til 4,50 prosent. 

Det siste året har det vore ei jamn prisstigning og renteauke. Alt dette endrar den økonomiske situasjonen for kundane. Sogn Sparebank er tett på privatkundane og næringslivet, og ynskjer å vere ein medspelar for den enkelte og lokalsamfunna. 

Banken har gjort sine vurderingar og bestemt seg for å ikkje auke renta på lån og innskot på noverande tidspunkt. Dette gjeld både for privat- og næringskundar.
Me vil halde fram med å følgje marknadssituasjonen nøye.