I oktober inviterer me til viktig og spennande informasjonskveld om sikkerheit i landbruket. Lothepus er med oss, og vil dele sine erfaringar med nettopp sikkerheit.

Lærdal kulturhus 16. oktober kl. 16.30 - 19.00.
Blix Hotel i Vik 17. oktober kl. 16.30 - 19.00. 
Meld deg på innan 12. oktober, påmeldingslenka finn du nederst på sida.

Arrangementa vil innehalde ulikt innslag frå Eika, fokus på førstehjelp og brannvern og informasjon om relevante produkt som finst på marknaden i dag.

I om lag 150 år
har lokalbanken vore ein bank for bøndene i regionen vår, og i dag har me mykje fokus på brannsikkerheit og det å ha ein trygg arbeidsplass og heim for bøndene. 
På dette seminaret får me storfint besøk av Fagkonsulent på landbruk i Eika, Kjell Beckman Pedersen, som vil fortelje oss viktigheita av temaet og kva tiltak som bør gjerast. Me vil også få besøk av Kristjan Arnason, og ikkje minst Elotec som vil vise kva produkt som finst på marknaden i dag. Lothepus sjølv er også her og vil holda gangen i det heile, samt komme med litt krydder frå eigne erfaringar. 

Det blir lett servering og kaffi. Vel møtt, dette ser me fram til!
Arrangementet er gratis, men krev påmelding innan 12. oktober. 
 

Program

  • Konferansier er Leif Einar Lothe - betre kjend som Lothepus 
  • Kjell Beckman Pedersen, fagkonsulent på landbruk i Eika om viktigheita av temaet og kva tiltak som bør gjerast
  • Kristjan Arnason, fokus på førstehjelp og brannvern
  • Elotec, vise kva produkt som finst på marknaden i dag.