Nokon gonger kan ein ha behov for å utsetja betalinga av kredittkortrekninga. Ønsker du å utsetja betalinga ein månad, treng du ikkje å gjera deg noko, men du må oppfylla følgjande punkt:

  • Du må ikkje ha nytta betalingsfri månad dei siste 12 månader og ikkje nyleg ha fått purring frå oss.
  • Du må vera à jour med innbetalingar.
  • Kredittgrensa kan ikkje vera overtrekt. 

Vi gjer oppmerksam på at renter kjem på vanleg måte etter forfall og vil komma på neste faktura.

Har du moglegheit å betala minstebeløpet som blir kravd inn, tilrår vi deg å gjera dette, framfor å utsetja heile fakturaen til neste månad.
 
Lag ein fornuftig nedbetalingsplan

Som hovudregel er det best å betala kredittkortfakturaen ved forfall for å unngå unødvendige rentekostnader. Men, enkelte gonger kan det vera nødvendig å betala tilbake kredittkortbruket over fleire månader viss likviditeten er dårleg. Dette treng heller ikkje å kosta så mykje som ein trur viss ein held seg til ein fornuftig nedbetalingsplan.

Generelt tilrår me at nedbetaling av eit større beløp på kredittkortet ikkje bør ta lengre tid enn 5 månader.