Me hjelper deg frå heimekontor

I samsvar med dei nye nasjonale smittevernsreglane, vil dei aller fleste av oss i banken vere på heimekontor frå 15.12.21. Her vil me gjere vårt ytterste for å hjelpe deg med små og store saker, og finne dei beste løysingane for deg.

Oppmoding om digitale møter

Me oppmodar deg til å avtale digitale kundemøter, eller møter via telefon i denne perioden. Fysiske kundemøter kan gjennomførast etter avtale.  

Korleis kontakte banken?

  • Ring eller send epost til Kundesenteret tlf. 57 64 85 10 eller post@sognbank.no
  • Avtal direkte med rådgjevaren din
  • Avtal møte med oss. Her kan du velje tema, rådgjevar og kva tid som passar deg best. Du kan også velje form (digitalt, fysisk, over telefonen). 

Kundesenteret hjelper deg

Kundesenteret er ope som vanleg frå kl 09.00 til 15.30 kvar dag. Ring tlf. 57 64 85 10 eller send epost til post@sognbank.no.
Du kan også sende meldingar til banken via nettposten/nettbanken din. 

Det viktigaste for oss er å finne gode løysingar for deg. Samstundes må me retta oss etter gjeldande smittevernsreglar.
Me er her for deg!