Det seier Ingeborg Indrelid, leiar HR i Sogn Sparebank etter at banken har signert Kvinner i Finans CharterDette er ein organisasjon eigd av finansnæringa, der målet er å auke kvinneandelen i leiande posisjonar i finansnæringa i Noreg. 

Signering forpliktar
Ved å signere charteret pliktar banken følgjande:
- setje interne mål for kjønnsbalanse på leiarnivå og i ansvarsrollar
- ha ein person på leiarnivå med dedikert ansvar for å følgje opp arbeidet
- publisere årleg status og framgang mot måla som er sett
- ha ein ambisjon om å linke godtgjeringar til leiarar opp mot måloppnåing. 

Viktig internt og eksternt
Leiar HR Ingeborg Indrelid er ein del av leiargruppa i banken, og skal følgje opp dette arbeidet vidare. – For oss er kompetansen det avgjerande, og ikkje kva kjønn du har. Likevel er det viktig at me er tydelege på å oppmuntre og legge til rette for at fleire kvinner rekk opp handa og tek ansvar. Ved å signere Kvinner i Finans Charter tek me eit tydeleg standpunkt om at dette er viktig for oss, både internt og eksternt, seier Indrelid. 

Banken sine medarbeidarar er i dag halvparten kvinner og halvparten menn, med ein variasjon i alder heilt frå 23 til 64 år.  Leiinga i banken er i dag sett saman av av 2 kvinner og 4 menn, medan 2 av 3 teamleiarar er kvinner. 

Forankra i styret 
Styret i banken har vedteke signeringa av Kvinner i Finans Charter. – Dette er ei viktig sak, og det er viktig at finansnæringa vert meir bevisste på likestilling i leiande stillingar, seier styreleiar i banken Kristine Grønner Ohnstad.