Historisk lågt
Erstatningar for landbruksbrannar har vore historisk lågt dei siste åra. Etter at Landbrukets brannvernkomité påviste at 2 av 3 branntilløp i landbruket har elektrisk årsak, har det vorne satsa på ein forsterka el-kontroll med varmesøkjande kamera frå 2014, med spesielt fokus på husdyrbygningar og veksthus. Etter at dette tiltaket blei teke i bruk har trenden vore positiv, og det kan derfor verke som at suksessoppskrifta er funnet!

Sida 2014 har over 10 000 bønder gjennomførd denne kontrollforma, og eit stort tal brannfarlege el-feil har blitt utbetra.

 

Kontrollforma utvida til å omfatte bustadhus på gardsbruk
Bustadhus i landbruket har derimot ein tydeleg auke i brannar. I 2017 hadde driftsbygningar for fyrste gong lågare utbetalingar for brannskadar enn bustadhus på gardsbruk. Sidan elektriske feil er ei viktig årsak også for bustadbrannar, er derfor el-kontroll med varmesøkjande kamera også innført for bustadhus i landbruket. Ønskjer du å gjennomføre ein brannførebyggjande el-kontroll finn du her enkelt landbrukssertifiserte el-kontrollør ved å klikke på nærmaste markering på kartet der du bor. Dette er eit krav som er felles for alle forsikringsselskap.

  • For landbruk med produksjon krev Eika Forsikring el-kontroll kvart 3.år i dei bygningane som er ein del av garden sin produksjon, også bustadhus.
  • For produksjon med husdyr kreves det i tillegg termografering.

Fortset med det gode brannførebyggjande arbeidet
Årstida vi no er inne i medfør auka bruk av straum og belastning av EL-kablar. Vi ønskjer derfor å minne om hovudtiltaka i arbeid med brannførebygging. 

Brannførebyggjande el-kontroll med landsbrukssertifisert kontrollør.

  • Vi anbefaler at du assisterer el-kontrolløren med å belaste det elektriske anlegget med å køyre i gong kraftkrevjande utstyr før det skal bruke varmesøkjande kamera. Då sparer el-kontrolløren tid og du sikrar at eventuelle teikn på varmegong blir avslørte.

Velfungerande brannalarmanlegg.

  • Utfør årskontroll på brannalarmanlegget og skift ut 2G til 4G-alarmutringer, då 2G-nettet blir fasa i 2025.

Sertifikat i varme arbeid.

  • Om du nyttar vinkelslipar eller sveiseapparat, ta sertifikat i "varme arbeid", og få samtidig øvd på praktisk brannsløkking.

Termograferingstilskot
Sidan satsinga på brann- og el-vern starta i 2014 har over 2 500 bønder, hovudsaklege husdyrprodusentar, gjennomførd denne forma for el-kontroll og utbetra brannfarlege avvik. Mange av desse har motteke tilskot på 5 000 kroner for tiltaket. I tillegg til satsinga på el-kontroll, har nytt krav i 2017 om varsling av brann til mobiltelefon gjort at særleg mange husdyrbønder har montert telefonutringer for brannalarmanlegg.

Her kan du søkje om termograferingstilskot.

Kjelde: Landbrukets brannvernkomite