- Som bedriftsleiar er menneska du jobbar med ofte den mektigaste ressursen du har. Spesielt gjeld dette i små- og mellomstore selskap kor det kan væra veldig kritisk om ein tilsett blir vekke, understrekar Anita Heyerdahl, produktsjef helse og personal i Eika Forsikring.

Lange ventetider i det offentlege helsesystemet og sjukefråvær kan kosta bedrifta store summar, i alle fall om den sjukmeldte sit på kompetanse det er vanskeleg å erstatta på kort tid. Dessuten vil ein helseforsikring kunne bidra til førebygging av sjukefråvær og tidleg uførhet.

- Derfor samarbeider me med Falck Helse, og har satt saman ei forsikring som kan bidra til at den tilsette kjem seg raskt tilbake i jobb, sier Heyerdahl og utdjupar:

- Denne helseforsikringa kan sjåast på som eit tillegg til den lovpålagte yrkesskadeforsikringa, og sørgjer for raskare og betre behandling enn man elles ville fått. Så fort du har ei henvisning frå ein lege, loggar du inn på eika.falckhelse.no eller ringar 21 89 75 35, og så er prosessen i gong.

Her er Anita Heyerdahl gode grunnar til at du bør kjøpe helseforsikring for dine tilsette:

1. Rask vurdering og behandling
Den tilsette får konsultasjon, undersøkelse eller behandling innan 10 virkedagar.

2. Fysikalsk behandling
Fysikalsk behandling utan tilvising inntil 6 timar per år (bedrifta kan ha kjøpt utvida tal timar).

3. Personlig oppfølging
Den tilsette får tett oppfølging av ein medisinsk rådgivar før, under og etter behandlinga.

3. Gode vilkår
Pris på forsikringa er uavhengig av kjønn og livsstil. Utgifter relatert til behandling, reise og opphold dekkast.

4. Tilgang til medisinskfaglig personell
Eit uavhengig medisinsk råd sørgjer for kvalitetssikring av sjukehus og legar som blir brukt. Forsikringa dekkjer også ein uavhengig vurdering av diagnosen som allereie er stilt. 

Stadig fleire bedrifter kjøpe helseforsikring

- Helseforsikringa gjeld alle fysiske sjukdommar som ikkje krev øyeblikkeleg hjelp, og dekkjer fysioterapi og kiropraktorbehandling når det er nødvendig. Behandlinga blir gjort på sjukehus eller hjå ein spesialist i Noreg eller Norden, fortel Heyerdahl.

I dag er det eit stadig økande antal nordmenn som har helseforsikring gjennom bedrifta dei er tilsette i.

- Me opplever at stadig fleire nyttar seg av slike forsikringsløysningar som ein del av ein god personalpolitikk, avsluttar Heyerdahl.