Alle profilane i Eika Innskotspensjon har positiv avkastning, også når ein tek omsyn til den kraftige prisstiginga vi opplever. Det vil seie at du får kjøpt meir for pensjonspengane no enn ved inngangen til året. Sparing til pensjon er langsiktig, og historia viser at du får betalt for å ha ein høg prosentdel aksjar på sparinga. Generelt seier vi at jo lenger tid det er att til du går av med pensjon, dess høgare prosentdel aksjar kan du ha på pensjonssparinga di. Det kan derfor vere lurt at du sjekkar profilen din i Smartspar-appen, og eventuelt endrar han til ein som passar deg. Ta gjerne kontakt med rådgjevaren din i banken for ein pensjonsprat!
Avkastning per 31.8.:
- Forsiktig: 3,88 %
- Moderat: 8,38 %
- Offensiv: 13,01 %
- 100 % aksjar: 16,62 %
Marknadskommentar frå forvaltaren:
Første del av 2023 blei eit godt år for fondsspararar. Trass i stigande renter var den økonomiske aktiviteten høg gjennom dei seks første månadene i året. Leveranseproblema som enkelte næringar opplevde gjennom fjoråret, er stort sett løyste, og det gjer at bedriftene kan produsere som normalt. Bedriftene rapporterte også om framleis høg etterspurnad etter varer og tenester. Totalt sett resulterte dette i at selskapa jamt over leverte gode resultat, og det var med på å løfte dei internasjonale aksjeindeksane vidare. Den amerikanske aksjeindeksen S&P 500 steig med 15,6 % første halvår, medan tilsvarande indeks i Europa var opp 16,6 %. Referanseindeksen til Oslo Børs, som er meir konsentrert rundt råvarer og energi, var på si side berre opp 3,2 % i første halvår. Ser vi på aksjefonda som er forvalta av Eika Kapitalforvaltning, var gjennomsnittleg avkastning for perioden på heile 11,2 %.
Rentemarknaden har også gjeve ei god avkastning så langt i 2023. Dei auka styringsrentene gjev investorane ei høgare kontinuerleg avkastning, samtidig som gode økonomiske resultat hos bedrifter og finansinstitusjonar sørgjer for ein stabilitet i kredittmarknadene. Så langt i år har investeringar med låg risiko gjeve ei avkastning på 2 %, noko som fører til ei forventa årleg avkastning på over 4 %. Ein må heilt tilbake til 2008 for å finne like god avkastning til investorar i pengemarknaden.
Den økonomiske situasjonen ein no står i, er hovudsakleg eit resultat av dei tiltaka både styresmaktene og sentralbankane verda over sette i verk som ei følgje av koronapandemien i starten av 2020. Kraftig fall i etterspurnad etter varer og raskt stigande arbeidsløyse blei møtt med massive finansielle og økonomiske tiltak. Den norske sentralbanken senka i løpet av kort tid styringsrenta frå 1,5 % til 0 %, samtidig som Stortinget løyvde enorme støttepakkar til utsette næringar. Dei kraftige tiltaka verka nødvendige der og då, men tre år seinare er det lett å sjå at resultatet blei at for mykje pengar blei tilbydd til ein for låg kostnad. Konsekvensen blei ein kraftig prisvekst som spreidde seg til mange bransjar og næringar. Noregs Bank begynner derfor å auke foliorenta si forsiktig igjen hausten 2021. Hevingane har halde fram i takt med at inflasjonspresset har auka, og på rentemøtet i juni heva sentralbanken renta for 11. gong. Styringsrenta blei då sett til 3,75 %, som er det høgaste nivået sidan hausten 2008.
Erfaringsmessig veit ein at det er vanskeleg for sentralbankane å setje styringsrente i ein situasjon der inflasjonsveksten kjem delvis ut av kontroll. Uventa sterk prisvekst vil ofte resultere i ein løns- og prisspiral der stadig nye næringar og arbeidsgrupper forlanger auka kompensasjon for tapt kjøpekraft. Dersom denne spiralen får sett seg i økonomien, viser tidlegare hendingar at økonomien må utsetjast for eit «rentesjokk». Dette vil då i praksis innebere at renta blir sett ubehageleg høgt for at bedrifter og privatpersonar raskt skal måtte redusere investeringar og forbruk. Dette vil nokså sikkert resultere i ein økonomisk nedtur. Vi trur det er mindre sannsynleg at ei slik tilnærming er nødvendig frå Noregs Bank no enn det vi såg for eit halvt år sidan. Vi trur derfor at Noregs Bank vil heve renta med ytterlegare 0,5 % i år,