Juniorkortet fungerer nesten som eit vanleg bankkort. Kortet kan brukast i minibank og butikk og har uttaks- og kjøpsgrenser. Føresette kan logge seg inn i nett- og mobilbanken og få full oversikt over kortbruken til junior.
- Ungane lærer sunt kortvit frå tidleg alder.
- Ungane treng ikkje å ha kontroll på kontantar.
- Kortet kan brukast kontaktlaust, men det krev alltid PIN-kode.
Ein milepåle for barnet
Det aller første bankkortet er veldig stas for ungane. Med eige bankkort blir dei med eitt lite grann større. I alle fall veks sjølvkjensla bitte litt med eige kort i handa.
Føler du at barnet ditt er modent nok for eit bankkort, er det lurt å gje barnet tre gode hugsereglar for å kome i gang.
- PIN-koden skal alltid vere hemmeleg. Det gjeld også for personen som sit i kassen på butikken, storesøsken, hunden og bestevenen! Sjølv for bestemor.
- Lær PIN-koden utanåt. Ikkje skriv han ned og ha han saman med kortet. Då kan nokon bruke kortet dersom barnet er så uheldig å miste det.
- Pass godt på bankkortet. Ha gjerne ein fast plass du legg det heime, slik at det ikkje forsvinn blant Pokémon-kort eller gamle teikninga