Finansavtalelova regulerer avtalar du inngår med banken og stiller krav til rettar og plikter for deg og banken. Den nye lova styrkjer rettane dine som forbrukarkunde. For næringskundar er det få endringar. Lova skal også førebyggje gjeldsproblem og regulere fleire tenester.   

Avtalane dine held fram
Den nye lova kjem til bruk for både nye og eksisterande avtalar. Du treng ikkje gjere noko – avtalane dine held fram som før og blir fornya på same måten som tidlegare, men du bør setje deg inn i oppdaterte vilkår. I tillegg vil nokre reglar i den nye lova gå framfor føresegner i eksisterande avtalar. 

Lova styrkjer rettane dine
Som forbrukarkunde får du betre vern og lågare eigendel dersom BankID eller kort blir misbrukt. Nytt ved lova er at digital kommunikasjon blir standard, men du kan reservere deg dersom du heller vil ha brev i posten. Banken har også plikt til å rettleie og varsle deg som kunde slik at du kan gjere gode og informerte val for økonomien din, og banken skal avslå kredittsøknaden din dersom det er sannsynleg at du ikkje vil kunne betale ned kreditten.

Du vil få meir informasjon og fleire varsel
Den nye lova pålegg banken å sende deg fleire varslingar, og desse varsla kan sjå litt annleis ut og ha eit anna innhald enn i dag. Det er viktig at du les alle brev og meldingar frå banken. 

Hugs samtidig at banken, offentlege styresmakter og andre seriøse aktørar aldri vil be deg om å opplyse om passord eller personlege kodar via telefon, SMS eller andre typar elektronisk kommunikasjon. 


Med auke i meldingar frå banken, aukar også svindelfaren. Sjå våre tips, og sjå kva du bør vite om svindelforsøk

 

Meir informasjon på finansnorge.no
Du kan lese eit samandrag av kva lova har å seie for deg på nettsidene til Finans Norge.
Ønskjer du meir informasjon eller å få dei oppdaterte avtalevilkåra i posten eller på e-post, kan du kontakte oss her