-
Kvifor må eg legitimere meg?Vi må sørgje for at vi til kvar tid har oppdatert informasjon om kundane våre i samsvar med kvitvaskingslovgjevinga. Dette gjeld for alle bankar i Noreg. Vi er derfor pålagde å hente inn kopi av gyldig identifikasjon der dette er nødvendig.
-
Korleis utfører eg ID-sjekk?
Det enklaste er å legitimere deg elektronisk. Du går inn i mobilbanken, og finn «Legitimering» under «Profil».
ID-sjekk med mobilbank
Du må sørgje for å ha lasta ned BankID-appen og ha pass, Nasjonalt ID-kort eller ID-kort frå EU/EØS-land tilgjengeleg før du startar. I mobilbanken klikkar du på «Kom i gang», og så blir du automatisk teken med til BankID-appen etter at du har gjeve samtykke. Så er det berre å følgje instruksjonane derfrå.
Har du ikkje smarttelefon eller mobilbank, eller ønskjer du ikkje å laste ned BankID-appen, kan du legitimere deg fysisk hos banken. Ta kontakt med oss for å avtale time. -
Kva er gyldig legitimasjon?
Når du skal legitimere deg elektronisk, er det berre pass, nasjonalt ID-kort eller ID-kort frå EU/EØS-land som kan brukast. Du kan ikkje bruke førarkort eller bankkort med bilete til dette.
Har passet ditt gått ut, eller har du ikkje pass eller ID-kort, må du møte opp fysisk i banken. Då kan du bruke denne legitimasjonen i tillegg:
• norsk førarkort som er utskrive etter 01.01.1998
• norsk bankkort med bilete (frå ein annan bank)
Merk at legitimasjonen ikkje må ha gått ut på dato, og at du ikkje kan bruke naudpass som legitimasjon. -
Eg har tidlegare legitimert meg – må eg legitimere meg på nytt?Vi som bank har strenge krav på oss til å identifisere kundane våre (ein del av kvitvaskingsregelverket). Sjølv om du har vore kunde i lang tid, eller tidlegare har legitimert deg, kan det tenkjast at du må ta ein ID-sjekk på nytt. Det kan ha kome nye krav etter at du sist legitimerte deg, eller legitimeringa di kan av ein eller annan grunn vere mangelfull. Har du fått melding frå oss om at du må legitimere deg på nytt, tyder det at du må ta ein ny ID-sjekk.
-
Eg har ikkje fått melding om ID-sjekkVi kontaktar alle kundar som må legitimere seg på nytt. Høyrer du ikkje frå oss, tyder det at vi har tilstrekkeleg og rett informasjon om deg, og du treng ikkje legitimere deg på nytt.
-
Eg har ikkje gyldig pass – kva gjer eg?Dersom du ikkje får skaffa nytt pass, eller du ikkje har annan gyldig legitimasjon tilgjengeleg, kan du ringje oss for å avtale fysisk time her.
-
Eg er ikkje kunde – kvifor må eg gjennomføre ein ID-sjekk?Vi sender berre ut melding til aktive kundar og til dei står som disponent på ein aktiv konto. Kontakt oss, så kan vi hjelpe deg med å sjekke kva for ein konto meldinga er basert på.
-
Kva brukar vi informasjonen til?Vi behandlar alle opplysningar vi hentar inn for å innfri krava om identifisering av kundar, i samsvar med lovkrava. Ei fil med informasjon som er henta ut av passet ditt, og biletet som du tek med appen, blir derfor arkivert hos oss. Sletting av personopplysningar vil også skje i samsvar med desse lovkrava. Dersom du har spørsmål eller kommentarar til personvernrutinane våre og personvernombodet vårt, finn du rettleiing om korleis du kan ta kontakt, i personvernerklæringa.
-
Kva skjer dersom eg ikkje legitimerer meg?
Vi må sørgje for at vi til kvar tid har oppdatert informasjon om kundane våre i samsvar med kvitvaskingslovgjevinga. Dette gjeld for alle bankar i Noreg. Vi er derfor pålagde å hente inn kopi av gyldig identifikasjon der dette er nødvendig.
Ønsker du ikkje å legitimere deg på nytt, kan vi vere forplikta til å avvikle kundeforholdet.