Ofte stilte spørsmål
-
Kva er effektiv- og nominell rente?Den effektive renta er nominell rente pluss gebyr. (Etablering,tinglysing-og termingebyr). Antall betalingsterminar og løpetida til lånet påverkar også den effektive renta.
Det er den effektive renta som seier kva du faktisk må betale for pengane du låner.
Den nominelle renta er renta på eit lån eller ein kreditt. Gebyr og liknande kjem i tillegg. Går du ut i frå den nominelle renten har du altså ikkje heile biletet. Ein bank kan ha låg nominell rente, men høge gebyr slik at du likevel betalar meir for lånet ditt enn i ein bank med litt høgare nominell rente. Bankane har ikkje lov å berre marknadsføre den nominelle renta. -
Kva er finansieringsbevis?Eit finansieringsbevis stadfestar kor mykje du kan få låne. Dokumentet gir opplysning om maksimal lånesum og stadfestar at du har finansieringa i orden. Det er ein garanti frå banken og ein tryggleik å ha med seg på vising og inn i eventuell bodrunde.
-
Kva er flytande rente og fastrente?Med flytande rente vil kostnadene variere, i nokre periodar høgare og lågare i andre. Dersom økonomien din toler at det varierer litt, er flytande rente mest lønnsam over tid.
Fastrente er for deg som vil betale det same kvar månad. For sjølv om marknaden svingar, er renta fast. Du kan velje mellom 3, 5 eller 10 års bindingstid. -
Kva er eigenkapital?Er pengar du har spart opp som hjelper deg på veg til bustaddraumen. Ofte kalla startkapital for ferske bustadkjøparar. I dag er krava for eigenkapital på 15% av verdien til bustaden. Det er altså ein større sum pengar du må ha før du kan få lån.
-
Kva er rentebuffer?Dette er ein sikringsmargin vi legg inn slik at økonomien din skal tole svingningar i renta. Sjå på det som ei vurdering av kor mykje du toler å låne.
-
Kva er belåningsgrad?Summen du vil låne i forhold til verdien på bustaden. Altså eigenkapital - verdien til bustaden = det du treng å låne som er belåningsgraden.
Belåningsgrad fremgår i prosent og er med å bestemme prisen på lånet. -
Kva er forskjellen på medlånetakar og realkausjonist?Medlånetakar er ein person som er med å låner. Det vil seie at den er f.eks. 50% ansvarleg for lånet. Medlånetakarar er like ansvarlege for å betale renter og avdrag for hovudlånetakar og kan stillast ansvarleg for heile lånet om hovudlånetakar ikkje kan betene det sjølv.
Realkausjonist er ein som stiller eigedomen sin til tryggleik for eit lån til annan person.
Ein skil her mellom kausjonist og realkausjonist. Kausjonist stiller seg personleg økonomisk ansvarleg som tryggleik, mens realkausjonisten stiller eigedom eller annan verdi som tryggleik (pant). -
Kan eg kjøpe andre ting med bustadlånet?Ja det mogeleg. Det er ingen krav til kva lånet blir brukt til, men vi har som regel somme føringar. Snakk med rådgivaren din for å vite meir.
-
Kva er refinansiering?For deg som skal pusse opp, byggje ut eller ønskjer å samle ulik gjeld inn i bustadlånet.
Belåningsgrad blir ut ifra verdien til bustaden vurdert og omsetteligheit. -
Kva er rammelån?For deg som ønskjer eit fleksibelt bustadlån. Populært kalla Flexilån. Fordelen med eit rammelån er at du kan ta ut pengar og nedbetale på lånet ditt akkurat når du har behov for det. Du blir innvilga ein kreditt med tryggleik innanfor 60% av verdien på bustaden.
-
Kva er forskjellen på annuitetslån og serielån?Med eit annuitetslån betaler du same beløp kvar månad gjennom heile løpetida til lånet gitt at renten er uforandra. Etter kvart som du nedbetaler lånet, blir rentedelen mindre og avdragsdelen høgare.
Med eit serielån betaler du mindre for kvar månad etter kvart som du nedbetaler lånet. Rentedelen blir mindre og avdragsdelen er den same.
*Det er sjeldent vi lenger anbefaler serielån.