Sogn Sparebank er oppteken av å vera ein medspelar i og for lokalmiljøet. Me er ein lokalbank som er styrt frå Sogn, og det er viktig for oss å gje tilbake til lokalsamfunna i Sogn. 

Kva er allmennyttige føremål?

  • Allmennyttige føremål er prosjekt eller tiltak som kjem flest mogeleg til gode, i dei områda Sogn Sparebank er til stades i.
  • Gåvefondet støttar opp om aktivitetar i lag og organisasjonar og andre gode allmennyttige føremål som er med å skape trivsel, utvikling og mangfald i lokalsamfunna våre, til glede for flest mogeleg.
  • Prosjekt der bærekraft, folkehelse eller barn og unge er i fokus, vil få særleg merksemd. 

Kven kan søkje gåvemidlar?

  • Alle lag og organisasjonar, samt andre allmennyttige føretak/prosjekt i Sogn som er registrert med organisasjonsnummer.
  • Hovudregelen er at søkjaren må vere kunde i banken.
  • Det blir ikkje gjeve gåvemidlar til ordinær drift eller kommersiell verksemd.
  • Det blir heller ikkje gjeve gåver til religiøse og partipolitiske tiltak, offentlege kjerneoppgåver, forsking som ligg utanfor føremål som angår banken si verksemd, naudhjelp eller bistand. 

Når er søknadsfristen?

  • Me har ein hovudfrist per år, i år er den 12. mars.
  • Det er også mogeleg å sende søknadar utover denne fristen, dei vert handsama fortløpande etter at hovudtildelinga er gjennomført.

Korleis søkjer eg?

  • Søknaden skal innehalde utfylt søknadsskjema, prosjektskildring og budsjett. 
  • Søknaden sendast per epost til gavefond@sognbank.no 
  • Du kan også sende søknaden per post til Sogn Sparebank, Statsråd Evensensveg 8, 6885 Årdalstangen.
  • Merk emnefelt eller konvolutten med "Søknad gåvefondet".

Bruk av gåvemidlane

  • Det er forventa at alle som får tildelt midlar frå gåvefondet, utarbeidar ein kort evalueringsrapport som orienterar om gjennomføring og rekneskap
  • Sogn Sparebank ynskjer også å nytte aktivitetsresultatet fritt i banken si marknadsføring. Dette blir avtalt konkret med kvar enkelt mottakar. 
  • Banken kan krevje midlane attende dersom prosjektet ikkje vert gjennomført.

Avslag og grunngjeving
Gåvegruppa vil ikkje grunngje eventuelle avslag på søknadar.

Nysgjerrig på kven som har fått gåvemidlar tidlegare?
Me har sett opp ei oversikt over kven som har blitt tildelt gåvemidlar frå Sogn Sparebank tidlegare.

Spørsmål?
Ta gjerne kontakt med Kundesenteret vårt på tlf. 57 64 85 10 eller gavefond@sognbank.no .Du kan også kontakte leiar for kommunikasjon og kundeopplevingar, Ragnhild Skahjem Tofastrud, på tlf. 57 64 85 70 eller gavefond@sognbank.no