Eigen pensjonskonto blir innført 1. januar 2021 og blir ofte forkorta til EPK. Dette er din eigen konto for pensjon og her blir all tidlegare tent innskotspensjon samla på ein og same stad. Tanken bak eigen pensjonskonto er at det kan gi deg meir i pensjon og kontoen kan gi deg betre oversikt over og meir eigarskap til di eiga pensjonssparing.


Kort om pensjon

Pensjon er det du skal leve av når du sluttar å arbeide. Pensjonen din består av tre deler; pensjon frå Folketrygda, pensjon frå arbeidsgivar og eiga sparing. Heilt enkelt kan pensjon forklarast ved hjelp av «pensjonshuset»:





Innføring av eigen pensjonskonto har fleire fordelar. Du vil no ha valfridom til å sjølv velje kor du ønskjer å ha pensjonssparinga di. Ved å samle pensjonskapitalbevisa dine på ein stad kan du få eit lågare administrasjonsgebyr og meir i pensjon. Du kan også få ei betre oversikt over kor mykje du vil få i pensjon. Eit større eigarskap til den eigne pensjonssparinga di gjer det enklare og meir motiverande å kome i gong med eiga sparing. Vi seier difor at pengar spart er pengar du ikkje ville hatt dersom du ikkje hadde spara dei.

Les meir om eigen pensjonskonto her


6 tips til eigen pensjonskonto:

  1. Du kan logge deg inn på Norsk pensjon med BankID og få ei oversikt over pensjonssparinga di. Det er ikkje mogeleg å opprette pensjonskontoen enno, men det kan likevel vere greitt å få oversikt over pensjonen din.
  2. Sjekk din eigen risikoprofil og juster denne dersom du ønskjer det. Vi seier ofte at du kan ha ein høgare risikoprofil dersom det er ti år eller meir til du går av med pensjon. Det kan vidare vere lurt å justere til ein lågare del aksjar i risikoprofilen din dess nærmare pensjonsalder du kjem. Her kan du lytte til podcast-episoden vår om pensjon.
  3. Mange som lukkast med si langsiktige sparing ofte har hatt ein samtale med rådgjevaren sin i banken for å få gode råd om pensjonssparing. Fyll ut skjema i lenka her så kontaktar vi deg om eigen pensjonskonto.
  4. Opprettar du eigen pensjonskonto i banken din kan du få ei god totaloversikt over økonomien, både for dagen i dag og til dagen du pensjonerer deg.
  5. Last ned Smartspar og gjer deg kjend med spareappen. Når eigen pensjonskonto er på plass til neste år kan du ha full kontroll over pensjonskontoen din i Smartspar. Last ned Smartspar. 
  6. Sist, og kanskje aller enklast, høyr på podcast-episoden vi har laga om eigen pensjonskonto her