Sogn Sparebank søkjer kunderådgjevarar på privatmarknaden i Aurland/Lærdal
Dette vert dine viktigaste arbeidsoppgåver:
• Behovsretta og heilskapleg rådgjeving innan bank, forsikring, sparing og plassering.
• Kundeoppfølging og utvikling av eigen portefølje
• Aktivt bidra til kryssal bank/forsikring/eigedomsmekling
• Aktivt skaffe nye kundar
Du har følgjande kvalifikasjonar:
• Relevant utdanning innan økonomi. Erfaring og god realkompetanse kan
kompensere for manglande formell kompetanse.
• Det er ein fordel om du har relevante autorisasjonar
Personlege eigenskapar
• Sjølvstendig, men samstundes ein lagspelar som er oppteken av å spele andre på laget gode.
• Salsorientert og offensiv, med eit ynskje om å prestere for å løfte banken sitt resultat
• Kundefokusert, og ser verdien av å skape dei beste kundeopplevingane
• God på å lytte og forstå kunden sine behov for å kome fram til den beste løysinga for kvar kunde
• Tek endringar på strak arm og er ivrig etter å tileigne deg ny kompetanse
Dette kan du forvente:
• Utfordrande og spanande arbeidsoppgåver med gode moglegheiter for eigen utvikling
• Gode moglegheiter til å påverke miljøet og eigen arbeidssituasjon
• God og strukturert opplæring
• Godt arbeidsmiljø og mange kollegaer med høg fagkompetanse
• Konkurransedyktige vilkår
• Ein av marknaden sin beste pensjons- og forsikringsordning
Me håpar å høyre frå motiverte og gode kandidatar.
Er du nysgjerrig på jobben, er du hjarteleg velkomen til å ta kontakt for ein uformell prat.
Kontaktpersonar
Leiar privatmarknad, Magne Klepp tlf. 976 35 919
Leiar HR, Ingeborg Indrelid, tlf. 472 44 089
Søknadsfrist: snarast
Send søknad med CV til iin@sognbank.no