Hopp til innholdet

Dagleg drift

Vi ønskjer at bedriftskvardagen din skal vere så effektiv og enkel som mogleg, og vil difor hjelpe deg med å finne dei beste produkta for di daglege drift.

Alt du treng - med rådgiving heile vegen

Hos oss får du alle tenester og produkt du treng for å styre di bedrift i kvardagen.

Du får ein fast bedriftsrådgivar og sparringspartnar som ser heilskapen, og finn gode løysingar tilpassa dine behov.

Som lokalbank har vi korte beslutningsvegar og rask saksbehandling. Som bedriftskunde hos oss gjev du tilbake til lokalmiljøet.

Kontakt oss om spørsmål knytt til dagleg drift

Monica Da Silva

Monica Hybertsen da Silva

Rådgjevar kundesenter

57 64 85 10

Nettbank og mobilbank, desktop, nettbank desktop, mobil- og nettbank

Ein enklare bankkvardag med mobil- og nettbank

Nettbanken gjev deg tilgang til praktiske sjølvbetjente løysingar som gjer det enklare å handtere bedriftas økonomi.

Spørsmål om dagleg drift

Nettbanken vår gjer det enklare for deg å halde oversikt over økonomien til bedrifta og få unna dei daglege gjeremåla på nett. Her kan du blant anna betale rekningar, følgje med på saldoen eller integrere nettbanken med rekneskapssystemet du brukar.

Med andre ord: Det blir mindre manuelt arbeid, du får betre kontroll og meir tid til å drive bedrifta di.

Med mobilbanken vår har du tilgang til kontoane dine og kan sjekke økonomien til bedrifta når du er på farten.

Det gir deg meir fleksibilitet og gjer det enklare for deg å følgje med på økonomien, uansett kvar arbeidsdagen tek deg.

Vipps for bedrifter og lag og foreiningar gjer det superenkelt for kundane dine å betale – anten du møter dei ansikt til ansikt eller dei handlar på nett. Og jo enklare det er å betale, jo enklare er det å få fleire kjøp og ei betre kundeoppleving.

Med Vipps kan du gi kundane dine moglegheita til å betale på ein måte dei allereie kjenner og brukar.

Med eit fleksibelt kredittkort med firmaansvar får bedrifta ein enklare kvardag. Dei tilsette slepp å bruke dei private korta sine, og du får full oversikt over alle transaksjonar i sanntid.

Du får blant anna:

  • Betre oversikt og kontroll på utgiftene i AirPlus-portalen. Alle firmakort blir samla på éin månadleg faktura – og du kan følgje med på alle utlegg i sanntid.

  • Mindre jobb med utlegg og kvitteringar i AirPlus-appen. Dei tilsette kan ta bilete, skanne og lagre kvitteringane digitalt.

  • Reise- og avbestillingsforsikring inkludert.

  • Mindre manuelt arbeid i rekneskapen – når løysinga blir integrert med rekneskapssystemet ditt.

Les meir om kredittkort for bedrifter her.