Avtal eit møte med oss
Velkomen til lokalbanken i Sogn, me møter deg der du er. Kom innom eit av kontora våre, eller møt oss over telefon eller Teams.
Velkomen til lokalbanken i Sogn, me møter deg der du er. Kom innom eit av kontora våre, eller møt oss over telefon eller Teams.
Klikk deg inn og finn eit tidspunkt som passar deg. Me gler oss til å prate med deg – om smarte val, nye planar eller ting du lurer på i økonomien din.
Kven: Me finn ein av dei dyktige autoriserte rådgjevarane våre ut frå det du treng hjelp til. Dersom du ynskjer det, kan same rådgjevar vere fast kontakt for deg framover.
Varigheit: Møtet varar vanlegvis kring ein time.
Kvar: Du vel sjølv om du vil møtast i banken, på Teams eller over telefon.
Pris: Det kostar ingenting å ha rådgjevarmøte med oss.
Førehandskunnskapar: Du treng ikkje vite noko på førehand. Me tek ting frå starten av – heilt uforpliktande.
Ta med: BankID‑app eller kodebrikke. Pass er nyttig dersom det er første gongen du besøkjer oss fysisk.
Rådgjevarane våre kjenner lokalmiljøet – både folk, bedrifter og marknad. Det gir tryggare og betre råd
Me er fleksible og har kort veg frå problem til løysing. Ofte kan me godkjenne søknader storbankane seier nei til.
Beslutningane vert tekne lokalt. Det gir raskare svar, meir presise vurderingar og tettare oppfølging.
Me kjenner både drifta og utfordringane bedrifter står i – og me kan binde saman nyttige kontaktar i regionen.
Når lokalsamfunnet går godt, går me godt. Difor bidreg me til stabil drift, utvikling og tryggleik for kundane våre.
Me har eige kontor midt i sentrum, rett ved Torgallmenningen.
Her møter du blant anna Julia, som jobbar tett på kundar frå både Sogn og Bergen. Ho er alltid klar for ein prat – anten det handlar om store økonomiske val eller små justeringar i kvardagen.
Om du bur i Bergensområdet, kan du avtale møte med oss der òg – digitalt eller fysisk.