BankID@headingTag>
BankID er din digitale legitimasjon som gjer at du trygt og enkelt kan identifisere deg på nett. Du kan bruke det ved signering av dokument og avtalar i banken og i ei rekke andre offentlege portalar, og ved trygg netthandel.
BankID er din digitale legitimasjon som gjer at du trygt og enkelt kan identifisere deg på nett. Du kan bruke det ved signering av dokument og avtalar i banken og i ei rekke andre offentlege portalar, og ved trygg netthandel.
BankID-app er ein digital variant av kodebrikka di. Den er tryggare, enklare og betre enn andre BankID-metodar fordi den er basert på nyare teknologi.
Med BankID-appen er du betre beskytta mot svindel fordi du ikkje har nokon kode å oppgi, du får betre informasjon om innlogging/kjøp og kan enkelt avbryte dersom det er noko som ikkje stemmer. Du kan aktivere appen både med pass, nasjonalt ID-kort eller med kodebrikka di.
Har du allereie prøvd å laste ned BankID-appen, kan det tenkast at det heng igjen ein utdatert versjon av BankID-appen på telefonen din. Då lønner det seg å slette BankID-appen, laste den ned og aktivere appen på nytt.
Har du mista kodebrikka di, eller mistenker du at den er stolen? Eller har du mistanke om at nokon har fått kjennskap til ditt BankID-passord? Då er det viktig å endre passord (dette kan du gjere direkte i BankID-appen) eller ta kontakt med banken umiddelbart!
BankID har oversikt over dei ulike feilmeldingane og tips til kva du kan gjere dersom du får ei feilmelding. Sjå oversikta her. Du kan også sjekke status på BankID her.
The Trust Service Provider Statement (TSPS) beskriver banken sin offentlege nøkkelinfrastruktur for utstedelse av elektroniske identitetar (eID) til sluttbrukarar for BankID. Dersom du ønskjer å lese eit forenkla dokument, kan du laste ned avtalevilkår for BankID-app (PDF).
Les meir om korleis du kan oppdage svindelforsøk