Bekreft identiteten din i BankID-appen
Fått varsel i BankID-appen? Nokre kundar må bekrefte identiteten sin. Her forklarer vi kva det betyr, korleis du veit at meldinga er trygg – og kva du må gjere.
Bekreft identiteten din i BankID-appen
Fått varsel i BankID-appen? Nokre kundar må bekrefte identiteten sin. Her forklarer vi kva det betyr, korleis du veit at meldinga er trygg – og kva du må gjere.
Kvifor får nokre varsel?
BankID ber enkelte kundar om å bekrefte identiteten sin for å sikre at rett person bruker rett BankID. Dette er ein del av krava frå styresmaktene om identitetskontroll. Varsel blir sende ut puljevis. Du får berre beskjed dersom du må gjennomføre ID-kontrollen.
Slik veit du at varselet er ekte
Vi veit at mange er urolege for svindel. Derfor er det viktig å vere merksam på dette:
- Du får beskjed inne i BankID-appen
- Du blir beden om å bruke gyldig pass eller nasjonalt ID-kort i appen
- Du skal aldri oppgi eingongskodar, passord eller PIN til nokon – heller ikkje dersom nokon ringer og seier dei er frå banken, BankID eller politiet.
Er du usikker? Avslutt og opne BankID-appen sjølv. Der ser du om varselet ligg.
Kva må du gjere?
Når du får beskjed i BankID-appen, følgjer du stega der. Du treng:
- Gyldig pass eller nasjonalt ID-kort
- Nyaste versjon av BankID-appen (oppdater i App Store eller Google Play)
- Nokre minutt i ro når du skal gjennomføre ID-sjekken