Fornye BankID
Av og til må du godta vilkåra for BankID på nytt. Det gjer du enkelt når du loggar inn. Nokre kan få beskjed om dette sjølv om dei nyleg har gjort det. Det er heilt normalt, fordi vilkåra blir oppdaterte.
Stø, som står bak BankID, tek over det juridiske ansvaret for å utstede BankID i løpet av 2026. Difor kan det hende at du må godkjenne vilkår igjen, sjølv om du har gjort det ganske nyleg.
Slik gjer du det
- Logg inn med BankID
- Les og godta vilkåra
Då er BankID klar til bruk igjen.
Viktig å hugse
- Du skal aldri dele BankID-passord eller kode med nokon
- Verken banken eller andre vil be deg om dette
- Treng nokon hjelp, må det løysast gjennom banken – til dømes med disposisjonsrett til konto
Treng du hjelp?
Ta kontakt med oss dersom du er usikker eller har spørsmål. Du kan òg lese meir hos BankID: Bekrefte identitet i BankID-appen