Klagehandsaming
Me ynskjer at du skal vere nøgd som kunde i Sogn Sparebank. Likevel kan det oppstå situasjonar der du ikkje er nøgd med tenestene våre eller måten me har handtert ei sak på. Då ynskjer me å høyre frå deg.
Dersom du er misnøgd med noko, oppmodar me deg først til å ta kontakt med oss, slik at me kan prøve å finne ei løysing saman med deg.
Dersom saka ikkje vert løyst gjennom dialog med oss, kan du sende inn ei formell klage. Klaga skal vere skriftleg og innehalde kontaktopplysningane dine og ei skildring av kva du har opplevd og kva du er misnøgd med. Legg gjerne ved annan relevant dokumentasjon som kan hjelpe oss med å vurdere saka.
Klaga og eventuelle vedlegg kan sendast digitalt til klage@sognbank.no.
Du kan også sende klaga skriftleg per post til:
Sogn Sparebank
Statsråd Evensensveg 8
6885 Årdalstangen
Kva skjer når du har sendt inn ei klage?
Når me har motteke den formelle klaga, får du ei skriftleg stadfesting på at ho er motteken, saman med informasjon om forventa sakshandsamingstid.
Alle formelle klager vert svara på skriftleg. Dersom du ikkje får fullt medhald i klaga, skal avgjerda grunngjevast.
Klage på produkt frå andre leverandørar
Dersom klaga gjeld produkt eller tenester som Sogn Sparebank formidlar på vegner av andre leverandørar, til dømes forsikring, kredittkort eller leasing, finn du informasjon om klagehandsaming hos det aktuelle produktselskapet.
Dersom du ikkje er nøgd med svaret
Dersom klaga ikkje fører fram hos oss, kan du ta saka vidare til Finansklagenemnda.
Finansklagenemnda
Postboks 53, Skøyen
0212 Oslo
Telefon: 23 13 19 60
www.finkn.no