Hopp til innholdet

Bank utan internett

Sjølv om mykje i banken i dag er digitalt, skal det vere mogleg å vere kunde hos oss utan å bruke internett. Me tilbyr fleire tenester for kundar og pårørande som ikkje er digitale.

En kvinne med bankkort i hånden

Ei bankkvardag som ikkje er digital 

Er du ein av dei som ikkje ynskjer å bruke digitale tenester eller har behov for hjelp når det gjeld bruk av digitale løysingar?

I dagens samfunn blir stadig fleire tenester digitaliserte – også i banken. For mange er dette både praktisk og effektivt. Samstundes veit me at ikkje alle kundar ønskjer å bruke digitale verktøy, eller har høve til å handtere bankkvardagen sin på nett.

I Sogn Sparebank meiner me at alle skal kunne ta vare på eigen økonomi, uavhengig av digital erfaring eller teknologisk utgangspunkt. Difor tilbyr me også banktenester som ikkje krev internett eller digitale løysingar.

På denne sida finn du ei oversikt over produkt og tenester du kan bruke utan nettbank eller mobil. Me håpar dette gjer det enklare for deg å få oversikt og finne løysingar som passar dine behov.

Du er alltid velkomen til å ta kontakt med oss dersom du treng hjelp eller ynskjer rettleiing – me hjelper deg gjerne.

Når du treng hjelp i kvardagen

Disponent på konto

Dersom du treng hjelp med daglege banktenestar, som å betale rekningar eller følgje med på økonomien, kan du gi ein person du stolar på tilgang til kontoen din som disponent. Då kan denne personen hjelpe deg med betalingar, overføringar og halde oversikt over saldo. 

For å leggje til ein disponent, kan du ta kontakt med kundesenteret vårt. Me sender då ut ei fullmakt som må fyllast ut og signerast før tilgangen blir oppretta. 

Verje

Ein verge er ein person som får ansvar for å hjelpe nokon som ikkje klarer å ta vare på økonomien eller rettane sine fullt ut sjølv. Det kan vere eit familiemedlem, ein annan nær person eller ein profesjonell verge.

Vergen blir oppnemnd av statsforvaltaren, og skal sørgje for at økonomien blir handtert på ein trygg og riktig måte.

Hjelp i skranken
Hjå oss kan du framleis komme innom kontoret og få hjelp i skranken når du treng det.

Du kan til dømes betale giroar og få rettleiing frå ein av våre tilsette. Me er her for deg, og tek oss tid når du treng det.

Du kan møte opp på drop-in på kontoret enkelte dagar i veka. Sjå kva dagar dei ulike filialane har opent under. Du finn oversikt over eventuelle gebyr i prislista vår.

Opningstider skranke

Banktenester du kan bruke utan internett

Med bankkort kan betale, samt ta ut og sette inn pengar i butikk.

PIN-koden er ein firesifra kode som ein må ha for å betale med kortet i butikk. På kjøp under 500 kan du sleppe å bruke PIN-kode. Då held det at du legg kortet inntil kortterminalen, så blir kjøpet godkjent utan kode. PIN-koden må lærast utanåt og skal ikkje oppbevarast saman med kortet.

Vi bestiller eit bankkort til deg, og ein PIN som blir sendt i posten nokre dagar etter kortet. Dersom du treng nytt kort eller PIN, ta kontakt med oss eller kom innom eit av våre kontor, så hjelper vi deg med å bestille nytt kort eller PIN.
Dersom du har mist kortet ditt og treng hjelp til å sperre det, må du ringe 915 03 850 så snart som mogleg slik at vi kan hjelpe deg med å sperre og bestille nytt kort.

Du kan ta ut og sette inn kontantar på bankkontoen din i butikkane til NorgesGruppen over heile landet: alle butikkane i Meny og Kiwi, nesten alle Spar og nokre av Joker-butikkane. Vi reknar med at det blir fleire butikkar med tenesta etter kvart!

 

Slik fungerer det:

  • Sjå etter skilt med Kontantenester i butikk.
  • Sei frå at du ønskjer å sette inn pengar eller ta ut pengar. Du kan berre sette inn pengar på din eigen konto som er knytt til kortet du brukar.
  • Sett inn bankkortet ditt i betalingsterminalen og tast PIN-koden din.
  • Sjekk at beløpet du set inn eller tar ut stemmer.
  • Du treng ikkje handle for å bruke tenesta.
  • Maksimalt innskot er kr. 20.000, uttak kr. 10.000.

Med AvtaleGiro slepp du å tenkje på dei faste rekningane som telefon, straum, offentlege avgifter og husleige. Banken ordnar betalinga for deg. Rekningane blir betalte til rett tid, utan at du mistar kontrollen over kontoen din. Betalinga blir som regel automatisk lagt til forfall 7 dagar før forfallsdato, eller så snart kravet blir sendt frå betalingsmottakaren.

 

  • Du slepp å registrere betalinga og tenkje på forfallsdato
  • Du treng ikkje forhalde deg til KID-nummer og anna betalingsinformasjon
  • Vi sørgjer for at rekninga blir betalt automatisk og i tide
  • Du kan stoppe og endre enkeltbetalingar. Dersom du ønskjer å endre fast trekkdato, kontaktar du betalingsmottakaren. 

Som kunde hjå oss kan du få kontoutskrifta di tilsendt i posten kvar månad. Det einaste du treng å gjere, er å ta kontakt med kundesenteret vårt, så ordnar me det for deg. Dersom du allereie får kontoutskrift i posten, treng du ikkje gjere noko. Du finn oversikt over eventuelle gebyr i prislista vår.

BankID

Ei digital løysing for innlogging og signering. Her finn du informasjon om kva BankID er og korleis det fungerer.

BankID
Kva er BankID?

BankID er ei elektronisk legitimasjon som du brukar på nett for å identifisere deg og skrive under digitalt. Ho fungerer som ein kombinasjon av pass og underskrift, og blir brukt til innlogging i nettbank, signering av avtalar og på offentlege tenester.

For å bruke BankID treng du fødselsnummer, eit personleg passord og ein eingongskode frå kodebrikke eller app på mobil.

Huskeregel
Kan andre bruke min BankID?

Du må aldri dele eller låne bort BankID-en din, kodebrikke eller passord. Gjer du det, gir du andre moglegheit til å utgi seg for å vere deg. Sjølv om det kan kjennast utfarleg når du treng hjelp til f.eks. å betale ei rekning, kan opplysningane bli misbrukte i andre sammenhengar.

Treng du hjelp i kvardagen, er det tryggare å gi ein du stolar på tilgang som disponent på konto. Ta kontakt med oss, så hjelper me deg vidare med ei trygg løysing.

Slik kan du vere ein god hjelpar

Hjelper du av og til eit familiemedlem, ein ven eller ein nabo med nettbank og økonomi? Då er det nokre viktige ting det er lurt å vere klar over. 

Dersom banken oppdagar at det ikkje er eigaren av BankID som tek kontakt eller brukar tenestene, må me setje i verk sikkerheitstiltak. Det kan føre til at BankID blir sperra, og at kunden mister tilgangen sin for ein periode.
BankID er ei digital legitimasjon og underskrift som blir brukt til meir enn berre nettbank. Ho blir òg brukt til viktige tenester som skatt, helseopplysningar og søknader. Misbruk kan få alvorlege konsekvensar, og derfor skal BankID berre brukast av eigaren – ingen andre.

Den tryggaste måten å hjelpe på, er å bli lagt til som disponent på konto. Då kan du bruke din eigen BankID til å hjelpe med betalingar og oversikt.

Når du er disponent, loggar du inn som deg sjølv, og det er tydeleg kven som har utført betalingane. Ta kontakt med oss eller kom innom, så hjelper me dykk med å få på plass ei trygg ordning.