Hopp til innholdet

Signere dokument

Alle dokument som er klare for signering, finn du i vårt signeringsrom. Signering krev bruk av BankID.

Signering, Signeringsrom, Signatur, Signatar

Nyttig informasjon om elektronisk signering

Når du går til signeringsrommet, vil du bli spurt om BankID for sikker pålogging. Vi støttar både BankID med kodebrikke og BankID-app – frå kva som helst bank.

Om du har brukt BankID på våre sider nyleg og ikkje har lukka nettlesar eller vindu, vil vi hugse deg, og du kjem rett inn til signeringsrommet.

Om du ikkje finn dokumenta dine, kan det vere at vi har utfordringar med ei av tenestene bak. Då kan det vere lurt å logge ut, vente litt og prøve igjen. Om det framleis ikkje fungerer, kan du ta kontakt med oss.

Etter at du har fullført alle signeringar, kjem du til arkivet.

Vi har mange produkt som bruker signeringsrommet og kan førebels ikkje gi deg tilpassa informasjon eller rettleiing gjennom signeringsrommet. Men alle produkt skal sende deg informasjon på e-post og/eller SMS etter at du har fullført signeringa. Dette er di kvittering.

I arkivet har du to moglegheiter for å laste ned dokument. Du kan laste ned det usignerte dokumentet (PDF), og du kan laste ned det signerte dokumentet/objektet (SDO).

SDO'en inneheld bevis for at dokumentet er signert og sjølve dokumentet. Men SDO kan ikkje lesast i standardprogram. Om du vil, kan du opne det via ei teneste frå Nets (BBS) som kallast E-Signing Validator. Då lastar du opp fila dit, ser at den er signert, og kan òg opne dokumentet.