Unngå svindel@headingTag>
Bankvettreglane
Lær deg bankvettreglane og bli betre rusta mot svindel. Del aldri opplysningar om din BankID – sjølv ikkje til politi, myndigheiter eller til oss i banken.
- Dersom du blir kontakta og bedt om å oppgi din BankID er det svindel! Legg på og kontakt oss med ein gong.
- Legg på i tide dersom du er usikker på kven du snakkar med og meld frå til oss dersom du får ein mistenkeleg telefon.
- Det er ingen skam å snu – kontakt oss for å sjekke at det verkeleg er oss du har snakka med.
- Mange er usikre rundt dette med svindel. Spør oss om råd – vi er her for å hjelpe!
- Ver førebudd på at du kan bli kontakta av svindlarar, slik at du kan ta trygge val dersom det skjer.
- Ring oss med ein gong dersom uhellet er ute!