Hopp til innholdet
Ser inn gjennom vindauget på kvinne og mann i sofaen som smiler til kvarandre

Innbuforsikring

  • Dekker eigedelane dine som møblar, klede og utstyr
  • Gjeld også for alt du har i bod, garasje og på loft
  • Med Innbu Pluss får du vår beste dekning

Kva dekkjer innbuforsikringen?

Heimen din rommar ofte større verdiar enn du trur. Ei god innbuforsikring sikrar alle tinga du typisk tar med deg når du flyttar inn. Innbuforsikring dekkjer tinga du har i bustaden din, som møblar, klede og TV.

Det inkluderer også alt det du har i bod, garasje og loft, slik som sykkel, ski og verktøy. Det er opp til deg å setje forsikringssummen for innbuet ditt. Med Innbu Pluss får du vår beste dekning. Og hugs – innbuforsikring er viktig anten du eig eller leiger bustad.

Visste du at?

Du treng eigen innbuforsikring til hytta eller fritidsbustaden for å få dekka tinga du har der.

Om forsikring

Forsikringane våre blir levert av Fremtind, men det er oss i banken du skal kontakte om du har spørsmål eller treng hjelp.

Spørsmål og svar om innbuforsikring

For å bestemme forsikringssummen på innbuet ditt bør du prøve å få oversikt over kor store verdiar du har i bustaden din og tilpasse forsikringa til dette. Du bør dekke summen på eigedelane dine i tilfelle brann og andre skadar. Eit utgangspunkt kan vere å rekne om lag 500 000 kroner per vaksen som bur i huset, men dette er veldig individuelt.

Forsikringssummen blir ofte sett for lågt og vi får ikkje erstatta alle eigedelane dine. Treng du rettleiing, er det berre til å ta kontakt med oss.

Ja, innbuforsikringa dekkjer mat som blir øydelagd i frysar, kjøleskap eller kjølerom dersom temperaturen plutseleg endrar seg, til dømes ved straumbrot, lynnedslag eller teknisk trøbbel. Har frysaren vore utan straum lenge, kan matlukta setje seg så godt fast at sjølve frysaren blir øydelagd. Blir han ikkje bra igjen etter vask, dekkjer vi òg den.
Forsikringa gjeld berre matvarer, ikkje medisinar eller andre ting du oppbevarer kaldt.

Kor lenge kan frysaren vere utan straum før maten tek skade?

Ifølgje DSB (Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap) tek det mellom 10 og 30 timar før temperaturen i ein full frysar går frå -18 til -12 grader, så lenge du held døra lukka. Har du lite mat i frysaren, går det raskare.

Skadar på el-sparkesykkelen er dekt av innbuforsikringa, men du må ha ei eiga ansvarsforsikring ved bruk av el-sparkesykkel eller andre småelektriske køyretøy. Den kan du lese meir om og kjøpe her.
Standard eigenandel på innbuforsikring er 4000 kroner. Om du vel å justere opp eigenandelen kan det gi lågare pris på forsikringa.
Innbuforsikringa gjeld for den som har kjøpt forsikringa, i tillegg til ektefelle/sambuar og barn som er folkeregistrert på same adresse. Bur for eksempel ungdommen mellombels borte på grunn av studiar eller militærteneste, gjeld innboforsikringa så lenge folkeregistrert adresse er heime.

Hugs at foreldres innbuforsikring ikkje dekkjer mellombels bustad ved skade på hybel/leilegheit. Til dette krevst det at ungdommen har ei eiga innbuforsikring.

Ja, noen typer gjenstander og samlinger har begrensninger i innboforsikringen. Ta kontakt med oss om du eier dyre smykker, kunst eller endre verdisaker, så kan vi utvide forsikringssummen for dem.

Disse eiendelene og samlingene har begrensinger:

Enkeltgjenstand: Inntil 350 000 kroner

Maleri-, kunstsamlinger og lignende: Inntil 500 000 kroner

Sprit- og vinsamling: Inntil 500 000 kroner

Gull og smykker: Inntil 350 000 kroner

Annet edelt metall: Inntil 350 000 kroner

Øvrige samlinger: Inntil 350 000 kroner