Dette er bakgrunnen for skadeoppgjeret på huset ditt
Når uhellet er ute og huset ditt har fått seg ein trøkk, er det greitt å vite korleis pengane blir rekna ut og når du kan forvente å få dei.
Dette påverkar erstatningssummen
Det er i grunn tre ting som spelar inn på erstatningssummen:
- Det du oppgir om skaden.
- Det takstpersonen eller annan fagperson bereknar.
- Fakturadokumentasjon.
Erstatningssummen blir rekna ut etter kor mykje det kostar å reparere skadane eller få huset i same stand som det var før skaden skjedde.
Kva er forskjellen på bygning, innbu og lauseøyre?
Innbu og lauseøyre er dei tinga du tar med deg når du flyttar, som klede og møblar.
Bygning er sjølve huset, altså veggene, golvet og taket, og alt som er skrudd fast i bygningen.
Kva for fradrag kan du forvente?
Det er nokre forskjellige reglar her. For bygningen din kan du for eksempel få fradrag viss vassbehaldar eller varmepumpa er gammal. For innbu og lauseøyre kjem det an på kor gamle tinga er. Vi brukar desse fradraga:
Fradrag for bygning
- For skade på tankar, kummar, utvendige leidningar og botnleidningar blir det trekt 5 prosent for kvart år utstyret er eldre enn 20 år.
- For skade på varmtvassbehaldar, fyrkjele og liknande blir det trekt 5 prosent for kvart år utstyret er eldre enn 10 år.
- For skade på varmepumpe luft-luft eller luft-vatn blir det trekt 10 prosent for kvart år varmepumpa er eldre enn 5 år.
- For skade på varmepumpe jord-luft-vatn blir det trekt 5 prosent for kvart år varmepumpa er eldre enn 5 år.
- For skade på boblebad og liknande blir det trekt 10 prosent for kvart år gjenstanden er eldre enn 1 år.
Fradrag for innbu og lauseøyre
- For skade på kvite- og brunevarer blir det trekt 10 prosent for kvart år etter 5 år.
- For skade på sykkel/tilhengar blir det trekt 10 prosent for kvart år etter 2 år.
- Skade på brukte ting, som anten er skaffa ved arv, gåve eller kjøp, blir erstatta med summen det kostar å skaffe tilsvarande brukt gjenstand.
- Skade på datamaskiner, nettbrett og mobiltelefon blir erstatta med marknadspris for tilsvarande brukt utstyr.
Viss du eig verdifulle samlingar, kunst, aktivitetar eller smykke, treng du heldigvis ikkje uroe deg for at det skal bli trekt fradrag. Denne typen gjenstandar blir erstatta i si fulle verdi.
Kor mykje er det i eigenandel?
Du må betale eigenandel viss fradraget ikkje er høgare enn den avtalte eigenandelen. Den er som regel 4 000 kroner, men det kan variere litt avhengig av type skade.
- Naturskade – for tida 8 000 kroner, fastsett av departementet.
- Vasskadar – 15 000 kroner, viss bygningen har vore ramma av lekkasjar, vasskadar eller liknande dei siste 36 månadene. Om membranen i våtrommet er eldre enn 20 år, aukast eigenandelen med 10 000 kroner. Ved vassinntrenging gjennom utett yttertak, aukast eigenandelen med 10 000 kroner viss taket er over 30 år, eller 15 år viss det er flatt tak.
- Tjuveri av sykkel og barnevogn – 4 000 kroner. Viss sykkelen er registrert i Falck Sykkelregister, blir eigenandelen halvert.
- Bruddskade på bygningsglas, platetopp eller sanitærporselen i bustad – 1 500 kroner.
- Leiger du ut heile bustaden og det ikkje er opplysningar om dette i forsikringsbeviset, aukar eigenandelen med kr 10 000.
Når blir eigenandelen redusert?
Viss huset brenn, blir vasskadd eller det skjer innbrot medan godkjent alarm er i drift, blir eigenandelen redusert med 4 000 kroner. Det same gjeld viss det skjer ein skade som rammar overspenningsvern eller brann-, innbrot- eller vass-alarmer.
Kvifor får du ikkje tilbake moms?
Momsen er ei utgift staten skal ha. Difor kan ikkje Eika Forsikring utbetale denne før den er dokumentert betalt.
Kva viss du er ueinig i erstatninga?
Viss du synest noko er feil, fortel oss kva det er, og legg ved informasjon som støttar saka di. Vi er her for å hjelpe deg, så ikkje nøl med å ta kontakt med skadebehandlaren din viss du lurer på noko.
Visste du at?
Spørsmål og svar
Kjøp husforsikring@headingTag>
Hos oss kan du kjøpe to forskjellige husforsikringar. Sjekk kva som passar ditt behov.