Leasing@headingTag>
Disponer bedrifta sine ressursar smartare
Ved å lease får du enkelt tilgang til nyare køyretøy og maskiner, samtidig som du frigjer driftskapital for bedrifta. Du vel sjølv forhandlar og merke, held maskinparken din oppdatert og kan investere der det lønner seg.
Dette er leasing
Leasing betyr at vi kjøper og eig det utstyret bedrifta di treng, og leiger det til dykk mot ein avtalt månadsleige over eit avtalt tidsrom. Normalt varer ein leasingperiode frå tre til sju år. Dykk har full bruksrett til objektet i leasingperioden.
Leasing er ei enkel og fleksibel form for finansiering, og eit godt alternativ til lån. Med leasing gjennom oss kan bedrifta di disponere ressursane endå smartare.
Derfor bør du velje leasing:
- Det gir deg fleksibilitet. Ein leasingavtale binder ingen kredittrammer hos banken og du har moglegheit for utskifting av utstyr i avtaleperioden.
- Det frigjer kapital. Ved å frigjere kapital kan du bruke det til andre investeringar med god avkastning.
- Du får betre kontantstraum. Sidan du betalar i takt med verdirealisering av objektet, får du betre cash-flow og dermed betre nøkkeltal når kostnader og inntekter samkjøres.
- Det blir enklare å lage budsjett. Sidan leiga er kjend i heile leigeperioden og utgiftsførast i sin heilskap, blir budsjetteringa og rekneskapsføringa enklare.
- Du får ingen forskottering av meirverdiavgift. Det er ingen forskottering av meirverdiavgift på anskaffingstidspunktet.
Visste du at?
Du bør eige det som stig i verdi, og leige det som søkk i verdi.
Kontakt oss om finansiering
Bjørn Moheim
Rådgjevar bedrift
57 69 88 55
Britt Julusmoen Bakk
Bedriftsrådgjevar - fagansvarleg kreditt
57 64 85 20
Sander Bjørkum Øvstetun
Rådgjevar bedrift
57 64 85 40