Kontoar for dagleg drift

Vi hjelper deg med å setje opp dei kontoane du treng for å halde oversikt og ha kontroll over bedrifta sin økonomi.
  • Set opp ein eigen driftskonto til dagleg drift
  • Set opp skattetrekkskonto dersom du har tilsette
  • Plasser overskotet til bedrifta på ein kapitalkonto
Kontakt meg om bedriftskontoar

Dette er kontoar for dagleg drift

 Driftskonto
  • Bedrifta sin brukskonto for dagleg drift
  • Gir oversikt over alle inn- og utbetalingar
  • Kan knytast til kort og andre betalingstenester
  • Ta betalt med avtalegiro, betalingsterminal eller Vipps – oppgjeret kjem inn på driftskontoen

 

Skattetrekkskonto

  • Pålagd dersom bedrifta di har tilsette og gjennomfører lønnsutbetalingar
  • Kontoen blir berre nytta til innskot av skattetrekk og betaling av skatt
  • Kontoen er sperra for andre uttak

 

Kapitalkonto

  • Plasser overskotet til bedrifta i ein konto med høgare rente
  • Spar så mykje du vil, og når du vil
  • Optimal avkastning på kapital som ikkje er ein del av den daglege drifta

 

Klientkonto

  • Ein konto der bedrifta di forvaltar pengar på vegner av kundar. Dette kan anten vere ein samlekonto for fleire kundar, eller ein særskild kundekonto (for ein person)
  • Passar for eigedomsmeklarar, fondsforvaltarar, advokatar og andre verksemder som er lovpålagde å skilje mellom eigne midlar og klientane sine midlar
  • For klientmidlar inneståande på ein felles klientkonto blir klientforvaltaren rekna som innskytar, for midlar inneståande på ein særskilt klientkonto blir klienten rekna som innskytar


Depositumskonto

  • Ein konto med eit avtalt pengebeløp (ofte tre månaders husleige) som blir brukt som ei sikring mellom utleigaren og leigetakaren
  • Blir vanlegvis brukt til leige av bustad- og næringseigedom
  • Kontoen er sperra, så verken leigetakaren eller utleigaren kan ta ut pengane åleine