Hopp til innholdet
Eika Verdikort

Avvikling av verdikort

Me i Sogn Sparebank vil informere om at me diverre ikkje lenger tilbyr verdikort. Frå og med 1. juli 2025 har nysalg av verdikort blitt avvikla. Allerede utstedte verdikort vil fungere fram til kortets utløpsdato.

Verdikort er forhåndsbetalte, anonyme Visa-betalingskort levert og forvalta av Eika digitalbank. Produktet blir avvikla på grunn av skjerpa krav til antikvitvasking og aukande svindel.  Andre bankar har også avvikla sine produkt på dette området av same grunn. 

Alternative løysingar for å gi gåver:

  • Vipps: Gåvefunksjonen i Vipps har allereie overtatt mykje av behovet for privatkundar.
  • Glede.app: Tilbyr digitale gåvekort for bedrifter.
  • Andre tilbydarar: dittgavekort.no, universale presentkort, gåvekort i butikk/kjøpesenter. 

 

For kundar med gyldige verdkort

Verdikort har ein gyldigheit på inntil 2 år. Utløpsdato er angitt på framsida av kortet og kortet kan ikkje nyttast etter dette tidspunktet. Saldo og vilkår kan sjekkast på www.eika.no/verdikort.

 

Etter utløpsdato:

  • Eit administrasjonsgebyr (månadsavgift) blir belasta kontoen til ved månadens byrjing. 
  • Dersom saldo er lågare enn gebyret, blir heile disponibel saldo trekt og kontoen avslutta.
  • Korthaldar kan få overført eventuell restsaldo på utgåtte kort til brukskonto inntil 6 månader etter utløpsdato.
  • Eventuell ubrukt saldo etter dette fell til Eika digitalbank.