Ny løysing for dokumenthandtering
No har det kome ein ny måte å handtere dokumenta dine og søkje i arkivet ditt på. Den nye løysinga vil mellom anna støtte samleutskrift, der du kan få fleire dokument i éin PDF.
I den nye løysinga kan du:
- Markere alle dokument som «lesne».
- Laste ned fleire dokument samla (éin PDF med fleire sider).
- Laste ned fleire dokument enkeltvis (fleire PDF-filer i ei .zip-fil).
- Laste ned fleire dokument både frå dei nyaste dokumenta og ved søk i arkivet.
Du vil først få oversikt over dei nyaste meldingane. Meldingar som er ulesne/uopna, vil vere markerte med feit skrift.
Ønskjer du å søkje etter dokument i arkivet, bruker du søkjefunksjonen til høgre. Her kan du velje fleire dokument og velje om du vil laste dei ned enkeltvis (fleire PDF-filer i ei .zip-fil) eller samla (éin PDF med fleire sider).
Det er inga avgrensing på kor mange dokument du kan laste ned samtidig.