No er det enklare å oppdatere kontaktinformasjonen din sjølv
Har du dei rette rollene i nett- og mobilbanken vår, kan du no sjølv oppdatere kontaktinformasjonen til bedrifta og sleppe runden via banken.
No kan du sjølv endre kontaktinformasjonen til bedrifta di i nett- og mobilbanken vår – viss du har den rette rolla.
Kva kan du endre?
Kva brukarar som kan endre kontaktinformasjonen, kjem an på kva rolle og firmatype brukaren har.
Dagleg leiar, styreleiar, administrator og innehavar (ENK) kan endre:
- Telefon, mobil og e-post til bedrifta.
- Dagleg leiar kan i tillegg endre eigen telefon og e-post.
Namn, organisasjonsnummer og adresse kan ikkje endrast.
Når du endrar noko, blir endringa oppdatert med ein gong – også i systema til banken.
Viktig om ENK på fødselsnummer
Er du ein ENK-kunde som er registrert på fødselsnummer, kan du av tryggleiksomsyn ikkje endre kontaktinformasjon i nettbank bedrift.
Endringa må du gjere via den personlege nett- og mobilbanken din.
Du får informasjon om dette i løysinga.
Her endrar du kontaktinformasjonen
I nettbanken:
Du finn sida ved å opne menyen og trykkje på menypunktet som heiter «Kontaktinfo for bedrifta».
I mobilbanken:
Der kan du sjå kva som er registrert i systema til banken.
Under «Profil og innstillingar» og «Kontaktinformasjon» ser du kva kontaktopplysningar som er registrerte på bedrifta di. Gjeld mobilbank.
Har du dei rette rettane og skal endre noko, trykkjer du berre på blyanten.