5 gode grunnar til å velje lokalbanken
Å velje ein lokalbank kan gi deg og di bedrift mange fordelar. Vi har lokalkunnskap, kortare beslutningsprosessar og personleg oppfølging. Her gir vi deg fem grunnar til kvifor du og bedrifta di bør velje oss som lokalbanken din.
Det er mange fordelar ved å velje ein lokalbank for bedrifta di. Her får du fem av dei.
1. Vi kjenner nærmiljøet
Rådgivarane våre har god oversikt over og kjennskap til lokalområdet vårt. Denne kjennskapen gir eit betre grunnlag for å ta avgjerder når søknader blir vurderte.
2. Vi er smidigare enn storbankane
Nasjonale og store bankar avslår ofte gode søknader som vi godkjenner – fordi vi er meir fleksible og kjenner lokalsamfunnet vårt betre.
3. Vi har «kortreiste» beslutningar
Hos oss er avstanden mellom rådgivar og den som tek avgjerda kortare. Vi kan vurdere saker utan å vere bundne av dei strenge retningslinjene til storbankane.
4. Vi har rådgivarar som forstår bedrifter
Rådgivarane våre kjem tett på den daglege drifta i bedriftene og kan dele erfaringar med andre kundar og byggje nettverk mellom bedrifter.
5. Vi bryr oss litt ekstra
Målet vårt er ikkje berre å oppnå overskot, men også å sikre stabil drift og bidra til lokalsamfunnet. Vi ønskjer at kundane våre skal lykkast.
Velje lokalbanken?
Om du vel oss, får du ein bank som verkeleg forstår og støttar behova dine. Hos oss får du personleg rådgiving og konkurransedyktige vilkår som hjelper deg og bedrifta di.
Ønskjer du at vi tek kontakt med deg, kan du gjere det her.