Hopp til innholdet
Få spelerommet du treng før behovet melder seg.
BM Finansiering

Har du periodar der det går meir pengar ut enn inn?

Slik kan du planleggje for svingingane og sørgje for at du har pengar tilgjengeleg når du verkeleg treng dei.

Når pengane kjem på feil tidspunkt

Bedrifta di kan ha god fart med masse å gjere og fulle ordrebøker, men likevel ha periodar med mindre pengar på konto.

For det er ikkje alltid slik at pengane er på konto når fristen for å betale rekningane bankar på døra. Spesielt når oppdraga eller sesongen svingar, eller kundane dine ikkje betaler før lønn, varer eller andre utgifter skal betalast.

Pengane er jo på veg, det er berre det at dei ikkje kjem når du treng dei.

Det er dette likviditet handlar om – altså kor mykje pengar bedrifta har tilgjengeleg til å betale utgiftene sine.

Og for å få oversikt over likviditeten og leggje nokre planar for dei periodane der det går meir pengar ut enn inn, kan det vere lurt å sjå litt framover og setje opp eit budsjett.

Set ein dato på når pengane kjem inn (og ut) og lag eit budsjett

Eit likviditetsbudsjett kan vere lurt å setje opp. Det vil vise når du forventar at pengane kjem inn på konto, og når dei skal ut igjen, og gjer det lettare å få auge på månadene som kan bli litt tronge.

Du treng ikkje gjere det så komplisert. Lag deg ei oversikt over:

  • Kva innbetalingar du ventar dei neste månadene.
  • Når dei største utgiftene må betalast (for eksempel lønn, avgifter, drivstoff og andre større utgifter).

Ikkje gløym kostnader som berre kjem éin eller nokre få gonger i året, og legg gjerne inn litt slingringsmonn dersom kundane dine for eksempel nokre gonger betaler seinare enn avtalt.

Når du lagar eit slikt budsjett, ser du ikkje berre om pengane strekk til, men også når du bør gjere noko med det.

Dette kan du vurdere før ein trong periode

Ser du at det kan bli knapt med pengar på konto, har du fleire moglegheiter.

Du kan for eksempel:

  • Sende fakturaene så fort jobben er gjort.
  • Følgje opp ubetalte fakturaer tidlegare.
  • Bruke eFaktura eller andre betalingsløysingar som kan bidra til at betalingane kjem inn til avtalt tid.
  • Utsetje innkjøp som ikkje hastar så mykje.
  • Byggje opp ein buffer i månadene med gode innbetalingar.

Prøv også å finne ut kva det er som faktisk gjer at det svingar slik. Er det sesongen, tidspunktet for innkjøpa eller andre ting? Svaret seier deg noko om kor mykje ekstra spelerom bedrifta kan trenge, og kor lenge behovet varer.

Få litt ekstra å gå på når du treng det

Dersom bedrifta di jamleg har periodar med større utbetalingar enn innbetalingar, kan kassekreditt vere ei løysing.

Kassekreditt er ei kredittramme som er knytt til kontoen til bedrifta. Du bruker av kreditten når du treng det, og betaler han tilbake når pengane kjem inn igjen.

På den måten kan kassekreditt fungere som ein økonomisk buffer når det er eit mellombels gap mellom pengar inn og pengar ut.

Det kan for eksempel vere nyttig når du må kjøpe inn varer før høgsesongen, ventar på betaling frå kundar eller får fleire utgifter på éin gong.

Du treng ikkje finne ut av alt sjølv

Det er lurt å finne ei løysing før det blir knapt med pengar på konto. Og du treng ikkje finne ut av alt sjølv.

Tar du ein prat med oss, kan vi saman sjå på økonomien, svingningane gjennom året og kva som kan gi bedrifta di litt meir spelerom.

Vi kan blant anna sjå på kva finansieringsløysingar som kan passe, som for eksempel kassekreditt, og korleis andre lure tenester for fakturering og betaling kan gjere det enklare for deg å halde oversikta og få pengane raskare inn på konto.

Ta kontakt med oss, så ser vi på moglegheitene dine og kva som kan vere lurt å gjere vidare.