Hopp til innholdet

Kva er byggherreansvarsforsikring?

Som byggherre har du eit stort ansvar for både menneske, eigedelar og miljø. Med byggherreansvarsforsikring får du ei ekstra tryggleik – Den dekker erstatningskrav som kan oppstå under byggeprosjektet, og kan skreddarsyast etter behova til verksemda di.

Kva dekkjer byggherreansvarsforsikringa?

Som byggherre kan du bli halde ansvarleg dersom det skjer skadar på personar, eigedom eller naboeigedom under byggeprosjektet. Byggherreansvarsforsikringa dekkjer erstatningskrav som kan oppstå, og gir deg tryggleik i ein situasjon med strengt ansvar.
Forsikringa gjer at verksemda di kan halde drifta i gang som normalt – også dersom du får krav retta mot deg som byggherre.

Opplysningane her er forenkla og forkorta samanlikna med dei fullstendige vilkåra.

Har du allereie forsikringar hos oss, kan du logge inn for å laste ned vilkåra som gjeld deg – anten privat, for verksemda di eller for garden din.

Greitt å vite om byggherreansvarsforsikringa

Som byggherre har du eit strengt ansvar for det som skjer på byggeplassen. Ansvar kan oppstå gjennom mellom anna byggherreforskrifta, nabolova eller vanleg erstatningsrett.

Det betyr at du kan bli halde ansvarleg også for skadar entreprenørane dine ikkje kan lastast for. Skulle ei ulykke eller skade skje, kan erstatningskravet rettast direkte mot deg som byggherre – sjølv om entreprenøren har følgt alle reglar.

For å gjere det meir konkret, her er nokre situasjonar der byggherreansvarsforsikringa kan gi viktig tryggleik:

  • Barn på byggeplassen: Eit barn kom seg inn på området og skadde seg alvorleg på materiale. Byggherre blei halde ansvarleg for manglande sikring av byggeplassen. 
  • Skadar på naboeigedom: Ved bygging av eit bustadkompleks oppstod setningsskadar på nabobygget. Etter vurdering blei byggherre ansvarleg for erstatninga.
Forsikringa gjeld for det føretaket som er nemnt i forsikringsbeviset.

Byggherreansvarsforsikring blir kjøpt for heile den planlagde varigheita til byggeprosjektet, og gjeld for skadar som oppstår i denne perioden.

Forsikringa dekker òg skadar som blir oppdaga inntil eitt år etter at prosjektet er avslutta, så lenge skaden oppstod i forsikringstida.

Forsikringen gjelder i Norden. 

Som byggherre må du i tillegg til byggherreansvar òg ha miljøforsikring. Fleire av dei tradisjonelle Norsk Standard-kontraktane krev no at både entreprenør og byggherre kan bli haldne ansvarlege dersom det oppstår miljøskadar under byggearbeidet.

I NS 8405 (pkt. 42.3) står det tydeleg at både byggherre og entreprenør deler ansvaret for miljøskadar.

Les meir om miljøansvar. 

Snakk med ein av rådgjevarane våre om byggherreforsikring

Monica Hybertsen da Silva

Monica Hybertsen da Silva

Rådgjevar kundesenter

57 64 85 31

Ove Vikne

Ove Vikne

Seniorrådgjevar forsikring

57648580

Robert Haugen

Robert Haugen

Bedriftsrådgjevar forsikring, fagansvarleg sparing og plassering

57 64 85 38