Hopp til innholdet
Hand med hanske plukkar poteter frå ei stor trekasse ute på garden.

Forsikring av hausta avling og varer

  • Få økonomisk tryggleik og hjelp dersom det oppstår brann eller vasskade
  • Avlingar og varer er dekka ved transportskade
  • Justerbar forsikringssum for sesongvarer

Kva er driftslausøyre- og avlingsforsikring?

Med driftslausøyre- og avlingsforsikring slepp du å risikere driftstap etter skadar på inventar, produksjonsutstyr, maskiner, varer, avling og andre eigendelar du brukar i gardsdrifta.

Dekninger Hausta avling
Brann

Inkludert

Vatn/væske

Inkludert

Tjuveri

Inkludert

Hærverk

Inkludert

Temperaturskade

Inkludert

Transportskade

Inkludert

Anna skade

Inkludert

Sesongvarer

Inkludert

Opplysningane her er forenkla og forkorta i forhold til dei fullstendige vilkåra.

Har du allereie forsikringar hos oss, kan du logge inn for å laste ned vilkåra som gjeld for deg – anten det er for deg personleg, for verksemda di eller for garden din.

Snakk med ein av rådgivarane våre om driftslausøyre- og avlingsforsikring.

Monica Hybertsen da Silva

Monica Hybertsen da Silva

Rådgjevar forsikring & fagansvar cash management

57 64 85 31

Robert Haugen

Robert Haugen

Bedriftsrådgjevar forsikring, fagansvarleg sparing og plassering

57 64 85 38

Om forsikring

Forsikringane våre blir levert av Fremtind, men det er oss i banken du skal kontakte om du har spørsmål eller treng hjelp.

Spørsmål og svar om forsikring av hausta avling og varer

Ja, vi tilbyr eit breitt utval av forsikringar for produksjonsdyr i landbruket. Du kan mellom anna forsikre heile storfebuskapen – enten det er kviger, oksar eller kalvar – uansett om dei skal mjølkast eller slaktast. Til dømes:

  • Ammekyr som har kalva minst éin gong og ikkje blir brukt til mjølking
  • Ammekyr med kalv, der kalven blir fora opp til slakt
  • Mjølkekyr som har kalva og er sett inn i mjølkeproduksjon
  • Slaktedyr – altså kalvar som blir fora opp for slakt
  • Kyr som blir mjølka for konsum – anten til meierileveranse eller lokal kvote

Vi tilbyr òg forsikringar for småfe, fjørfe og svin.
Les meir om husdyrforsikring.

Alle registrerte traktorar må ha minst ansvarsforsikring.

Frå 1. januar 2021 kom det nye reglar i bilansvarslova. No må òg alle typar uregistrerte traktorar som kan køyre over 10 km/t vere forsikra. Det gjeld sjølv om traktoren berre blir brukt på eiga eigedom eller i eit lukka område.

Dersom ein uregistrert og uforsikra traktor skulle forårsake skade, vil Trafikkforsikringsforeningen handtere saka. Dei vurderer i kvart enkelt tilfelle om dei skal krevje pengane tilbake frå eigaren av traktoren.