Er du ein av dei heldige som har nokon feriedagar i tankane? Då freistar det kanskje med ein tur til Syden eller langhelg til nabolanda våre. Hugs å ta med deg ditt Eika Kredittkort på turen. I tillegg lønner det seg å sjekke dei enkle råda våre for riktig kortbruk i utlandet før du reiser ut i den store verda:
- Vel lokal valuta
Har du opplevt at seljarar i utlandet gjerne vil få deg til å betale i norske kroner når du dreg fram kortet? Ikkje gå i den fella – det er lønnsamt for dei, men ikkje for deg, fordi du må betale eit gebyr for veksling. Den beste kursen får du ved å betale i lokal valuta, sjølv på dagsturar til Sverige eller helgetur til Danmark.
- Behov for cash i ferien?
Hugs at du alltid får gebyrfrie minibankuttak i valuta i utlandet når du tek ut kontantar med kredittkortet frå oss. Igjen, hugs å velja lokal valuta dersom du får spørsmål om det i minibanken. Og hugs, enkelte utanlandske bankar kan ha eigne gebyr for minibankuttak, dermed er det viktig at du les godt informasjonen du får på skjermen før du tek ut pengar.
- Betal kontaktlaust
For beløp under 500 kr så kan du betale kontaktlaust utan å taste PIN-koden din. Har du Google Pay, så kan du bruke din mobil til å betale med – og berre la lommeboka liggje igjen heime. Eller du kan bruke smartklokka di med Fitbit Pay eller Garmin Pay. Slik kan du verne PIN-koden di og betaling i ferien blir tryggare.
Det kan vere lurt å setje på regionsperre på kortet ditt, slik at det berre kan nyttast i utvalde delar av verda. På denne måten kan du redusere faren for svindel og misbruk. Regionsperre kan du enkelt setje på og fjerne i mobil- og nettbanken.
God tur!