Beskytt deg mot svindel med sunn fornuft

Å bruke kredittkortet på reise gir mange fordelar, inkludert auka tryggleik. Skulle uhellet likevel vere ute, kan dei fleste svindelforsøk stoppast ved å følgje éin hovudregel – ver kritisk og bruk sunn fornuft. Viss eit tilbod verkar for godt til å vere sant, så er det ofte det.

Fem gode tips til deg som skal på tur:

  1. Vel alltid kredittkortet framfor bankkort når du betalar i utlandet. Skulle du vere uheldig, er det ikkje dine eigne pengar som står på spel, men pengane du låner frå banken.
  2. Skjul PIN-koden din og del ikkje kortinformasjon med ukjente.
  3. Lat aldri kortet ditt vere utan tilsyn og ver forsiktig med å ta imot "hjelp" frå ukjente menneske når du skal ta ut pengar i ein minibank.
  4. Hugs å sette opp regionsperre i mobil- og nettbanken slik at kortet ditt ikkje kan brukast i dei delane av verda du ikkje befinn deg i.
  5. Sjekk at beløpet som står på bankterminalen matcher det som står på kassaapparatet, og betal alltid i lokal valuta.

 

Tips! Ønskjer du fleire tips for å unngå svindel? Sjekk ut denne sida frå Finans Norge.

Vi passar på kortet ditt døgnet rundt

Systema våre overvåker og passar på kortet ditt 24/7 året rundt. Ved mistanke om svindel blir kortet ditt automatisk sperra med ei mellombels sperre, og du vil bli bedt om å ta kontakt med oss så snart du kan. Då kan vi sjekke med deg om transaksjonane som verkar mistenkelege skuldast ditt eige bruk eller svindel. Uansett kva utfallet blir, er du alltid i trygge hender.

Kva gjer du viss du blir svindla?

Vi stoppar hundrevis av svindelforsøk kvar månad. Skulle du likevel bli lurt, kontakt oss umiddelbart. Sier du ifrå fort nok, kan vi prøve å stoppe transaksjonane i tide.

Kontakt oss alltid om du mistenker at noko ikkje stemmer, då kan vi òg varsle andre kundar som er i risikosona. Sperretenesta er open heile døgnet, heile året, og du kan enkelt kome i kontakt med våre hyggelege saksbehandlarar ved å ringe (+47) 915 03 850.

Nyt sommaren!