Har du aktivert BankID-app eller BankID på mobil og tenkjer at du ikkje treng brikka di lenger? Brikka er framleis aktiv så ta vare på brikka - du kan nemleg trenge henne når:
- Du får nytt SIM-kort.
Då må BankID på mobil verta re-aktivert i nettbanken, og du treng brikka til å logga deg inn.
- BankID på mobil vert sperra.
Hvis din BankID på mobil har blitt sperra og må verta re-aktivert (til dømes du har tasta PIN feil 3 ganger), kan du enkelt gjere dette i nettbanken under innstillingar – aktiver BankID på mobil. I dette tilfellet må du bruke brikka til å logga deg inn i nettbanken.
-
Du skal signere eDokument.
I dei tilfella du ikke kan signera med BankID på mobil må du bruke brikka, så hugs å ha den og passordet ditt lett tilgjengeleg hvis du til dømes skal signera lånedokument.
Vi minnar deg om at BankID vert sperra av sikkerhetsmessige grunnar om du ikkje bruker BankID-brikka på to år. Du vil då motta melding frå banken med påminning om å aktivere BankID 60 dager i førevegen. Vi anbefalar deg å logga inn i nettbanken med BankID-brikka innan to år og aktivera BankID. Går du over tidsperioden vert BankID sperra og du må kontakta banken.
Hugs:
- Kodebrikka er personleg. Legg henne på ein trygg stad. Legg passordet ein annan stad!
- Gje aldri frå deg den personlege koden din eller passordet ditt, verken til andre familiemedlemmer eller til bank eller politi.
- Kontakt banken din så fort som mogleg dersom du mistar eller nokon stel kodebrikka.
Opplever du ei feilmelding når du loggar deg inn med BankID?
I mange tilfelle kan du løyse dette sjølv og sleppe å kontakta banken. Sjekk gjerne denne lista om ei feilmelding skulle oppstå.