Hopp til innholdet
Hender på et rullestolhjul

Uføreforsikring

  • Gir deg økonomisk tryggleik om livet tek ei ny vending
  • Hjelper deg å halde på levestandarden du har i dag
  • Vel mellom månadleg utbetaling, eingongsbeløp – eller begge delar

Kvifor treng du uføreforsikring?

Viss du blir sjukmeldt på grunn av sjukdom eller skade, kjem du til å miste mykje inntekt. Inntektstapet kan gjere det vanskeleg å betale faste utgifter og å oppretthalde den levestandarden du er vant til.

Med ei uføreforsikring får du meir enn du vil motta frå NAV. Jo tidlegare du kjøper ei uføreforsikring, jo større er sjansen for at du er forsikra for alle mogelege uføreårsaker.

Velg mellom tre typar uføreforsikring

Kombinasjonen av månadlege utbetalingar og ei større eingongsutbetaling gir deg ekstra god økonomisk tryggleik.

  • Uførepensjon: Månadleg utbetaling fram til pensjonsalder.
  • Uførekapital utan forskottering: Eingongsutbetaling utan gradering eller forskottering.

Uførepensjon vert anbefalt for dei fleste, og gir deg månadlege utbetalingar som sikrar inntekta di på lang sikt – heilt fram til pensjonsalder.

  • Utbetaling frå 50 % uførheit: Månadleg utbetaling ved mellombels og varig uførheit.
  • Ein sum som passar for deg: Forsikringssum tilpassa inntekta di.
  • Delvis gradering: Full utbetaling dei første 4 åra – deretter gradert etter uføregrad.
  • Arbeidsretta behandling: Inntil 5 gratis videokonsultasjonar med psykolog.

Uførekapital er vårt rimelegaste alternativ, og sikrar deg månadlege forskot på forsikringssummen. Det er betre å vere litt forsikra enn ikkje forsikra i det heile.

  • Forskottering frå 50 % uførheit: Månadlege forskot i inntil 5 år.
  • Ein sum som passar for deg: Forsikringssum tilpassa inntekta di.
  • Eingongsutbetaling: Resten av forsikringssummen vert utbetalt ved varig uførheit.
  • Ingen gradering: Full utbetaling – ingen gradering etter uføregrad.

Om forsikring

Forsikringane våre blir levert av Fremtind, men det er oss i banken du skal kontakte om du har spørsmål eller treng hjelp.

Spørsmål og svar om uføreforsikring

Du kan kjøpe uføreforsikringa når du er mellom 18 og 50 år. Du må vere i arbeid og ikkje sjukmeldt på søknadstidspunktet. Du må fylle ut helseerklæring når du skal kjøpe uføreforsikring.
Snakk med ein rådgivar for å finne ut kva som er akkurat passe for deg.

Livsmeistringskurs med Lyk-z & døtre

Får du utbetalingar frå uførepensjonen vår, kan du få tilbod om gratis livsmeistringskurs for å styrke sjølvbiletet, meistringa og kjensla av tilhøyrsle.