Hopp til innholdet

Bunadsforsikring

  • Dekkjer vanlege skadar som rifter, svimerke og vinsøl
  • Full erstatning for bunad, sølv og anna tilbehøyr
  • Utfyller reise- og innbuforsikringa - du er ekstra godt dekt

Bruk bunaden utan bekymringar

Ei eiga forsikring gjer det litt tryggare å bruke bunaden – enten du skal i bryllaup, konfirmasjon eller 17. mai. Vi kan ikkje erstatte affeksjonsverdien, men vi kan hjelpe deg om det skjer uhell, skadar eller tjuveri. 

Bunadsforsikringa dekker skadar som innbo og reise ikkje gjer, som ketchupflekkar, sølv som dett av medan du hastar til neste besøk, eller om den ganske enkelt forsvinn.

Ha kontroll på bunadssølvet

Overraskande mange gløymer kvar dei har lagt bunaden og bunadssølvet. Ha ein fast plass til klede, sko og sølv, så finn du det når du treng det.

Spørsmål og svar om bunadsforsikring

For å kjøpe bunadsforsikring er det nokre ting du må vite:

  • Du må ha innbuforsikring hos oss.
  • Er bunaden kjøpt, må du ha kvittering eller kjøpsbevis på bunaden og tilbehøret.
  • Er bunaden sydd sjølv, gått i arv eller fått som gåve, må vi ha ei stadfesting på kva tilsvarande bunad kostar.
  • Er bunaden kjøpt i utlandet, må vi ha dokumentasjon på at du har betalt toll/merverdiavgift til staten.

Det kjem an på kor mykje bunaden din er verdt. Har du til dømes ein bunad eller festdrakt til ein verdi av 75 000 kroner, vil forsikringa koste deg omtrent 72 kroner i månaden – eller 859 kroner i året, utan rabattar. Jo høgare verdi, jo høgare pris.

Men hugs – ei eiga forsikring gir deg tryggleik for noko som ofte betyr mykje, enten bunaden er eit arvestykke, eit resultat av flott handverk, eller ein viktig del av 17. mai-feiringa.

Du bør vurdere eiga bunadsforsikring når bunaden din er verdt ein del, eller du vil at den skal dekkast for dei vanlegaste bunadsskadane som rifter, søl og sølv som fell av.

Innbo- og reiseforsikringa dekkjer ikkje nødvendigvis slike skadar. Dei dekkjer heller ikkje alltid heile verdien til bunaden. Den kan koste mange titals tusen, og det er dumt om oppgjeret berre gir deg nok til ein halv ny bunad om noko skjer med den
Bunaden har ofte høg affeksjonsverdi – ha den difor med som handbagasje når du flyr. Hugs at handbagasje har vektgrenser, så pakk smart.

Bunadskniv og søljer med nåler over 6 cm må sjekkast inn – dei reknast som farlege gjenstandar og kan ikkje takast med i kabinen.

Tips og råd

Les meir