Betalingsforsikring

Har du eit forbrukslån, billån, motorsykkellån, eller lån til andre køyretøy hos oss, kan du sikra lånet med betalingsforsikring. Betalingsforsikringa bidreg til å halda oppe betalingane på lånet ditt ved uventa hendingar som permittering, sjukdom eller dødsfall, noko som gir ekstra tryggleik for deg og dine næraste.

Kvifor bør eg ha ei betalingsforsikring?

Betalingsforsikringa vår dekker det månadlege terminbeløpet ditt på ditt lån dersom du skulle blir arbeidsledig/permittert, sjukemeldt, innlagt på sjukehus eller opplever samlivsbrot. I tillegg dekker forsikringa uteståande restgjeld på lånet ditt ved dødsfall. Sjå fullstendige vilkår.

Slik kjøper du betalingsforsikring

Mann ser på pc
Du kan kjøpa forsikringa samtidig som du tek opp lånet eller på eit lån som du allereie har. Dette gjer du enkelt ved å logga inn i mobil- og nettbanken, på eika.no eller på våre partnarsider. Der finn du også oversikt over lånet og alle lånetenester.

Kva er prisen på ei betalingsforsikring?

Prisen blir rekna utor ein prosentsats av det månadlege terminbeløpet ditt. Forsikringa blir dermed betalt på same faktura som lånet, og du vil med god oversikt kunna sjå kor stor del av fakturabeløpet som utgjer sjølve betalingsforsikringa. Prisen er 7,9 % av terminbeløpet på ditt forbrukslån eller ditt lån til bil eller andre køyretøy.

Viss du t.d. betaler 2500 kr på lånet så kjem betalingsforsikringa på ca 198 kr. Det blir totalt 2698 kr/mnd for lån med betalingsforsikring.

Avslutta forsikring

Oppseiing: Du kan når som helst seia opp forsikringa ved å logga inn i mobil- og nettbanken, på eika.no eller på våre partnarsider.

Angrerett: Du har 14 dagars vilkårslaust angrerett frå kjøpsdato. Last ned og fyll ut angrerettsskjema og send til oss på kredittbank@eika.no.

 

Melde skade?

Du melder enkelt skade gjennom å klikka på pila her under. Du kjem då til eit elektronisk skademeldingsskjema. Sakbehandler er Crawford & Company, og kan kontaktast på telefon 67 55 25 00 eller e-post: company@crawco.no.

Ofte stilte spørsmål