
Kvinner i Finans Charter
Den positive effekten av auka del kvinner i leiande posisjonar i næringslivet, er grundig dokumentert. Likevel går utviklinga for sakte, også her i Noreg, der me liker å sjå på oss sjølv som eit føregangsland når det gjeld likestilling mellom kjønn. Manglande utvikling er ikkje berekraftig – verken for individ, selskap eller samfunnet.